Viktig informasjon - koronatiltak 18. mars

Klikk for stort bileteDei aktuelle nærkontaktene som førte til at både Røn naturbarnehage og 2., 5. og 6. trinn ved Vestre Slidre skule vart sett i ventekarantene har testa negativt for covid-19.  Nærkontaktene skal oppretthalde sine karantener i 10 dager, men no kan vi opne hele skulen og Røn naturbarnehage frå og med i morgon, fredag 19. mars.
Vidare ventar me spent på alle prøver frå sjukeheimen, og me reknar med ei avklaring før helga. Alle bebuarar og alle tilsette har testa negativt på hurtigtesten.

Kulturhuset blir verande stengt ut veka, men opnast sannsynlegvis måndag 22.mars.

Trimrommet blir verande stengt ut veka, men opnar sannsynlegvis måndag 22.mars.

Det blir ikkje dagsenter for eldre fredag 19.mars. Dagsenteret opnar sannsynligvis onsdag 24.mars

Sjukeheimen opprettheld besøksforbud fram til måndag 22. mars.

Kulturskulen opprettheld 1:1 undervisning etter nærare avtale mellom elev og lærar. 

 

Forvirra av det nye omgrepet ventekarantene?

Dei nye virusa smittar lettare, så vi må setje fleire i karantene frå start.

  • Nærkontakt til smittetilfelle = karantene i 10 dagar + test inn og ut av karantene.
  • Nærkontakt til nærkontakt = ventekarantene inntil nærkontakt har fått negativt svar på fyrste test.
  • Ventekarantene = kortvarig karantene