Overgang mellom barnehage og skule

Barnehagen skal i samarbeid med foreldra og skulen leggje til rette for at barnet kan få ein trygg og god overgang frå barnehage til skule, og eventuelt til skulefritidsordninga. Barnehagen og skulen bør utveksle kunnskap og informasjon som utgangspunkt for samarbeid om tilbodet til dei eldste barna i barnehagen, overgangen til skulen og skulestarten. Barnehagen må ha samtykke frå foreldra for å dele opplysningar om enkeltbarn med skulen.

Dei eldste barna skal få høve til å gle seg til å begynne på skulen og oppleve at det er ein samanheng mellom barnehagen og skulen. Barnehagen skal leggje til rette for at dei eldste barna har med seg erfaringar, kunnskap og ferdigheiter som kan gi dei eit godt grunnlag og  god motivasjon for å begynne på skulen. Barnehagen skal bidra til at barna kan avslutte barnehagetida på ein god måte og møte skulen med nysgjerrigheit og tru på eigne evner. Barna skal få bli kjende med kva som skjer i skulen og skulefritidsordninga. ( Frå Udir) https://www.udir.no/laring-og-trivsel/rammeplan/overganger/overgang-skole/

Kommunen har i mange år arbeida for å sikre gode overgangar til barnehage, grunnskule og vidaregåande skule. Med gode rutiner og tett samarbeid ser vi heile opplæringsløpet i ein samanheng.