Har du låg inntekt?

Det er to moderasjonsordningar for familiar eller hushaldningar med låg inntekt.

Informasjon om redusert foreldrebetaling i barnehage.

  • Jf. forskrift om foreldrebetaling i barnehage skal ingen husstand betale meir enn seks prosent av si person- og kapitalinntekt per år for ein barnehageplass.
  • Øvre inntektsgrense for å søke er frå 01. januar 2021 kr. 592 167,-  pr. husstand.  Inntektsgrensa er vedteke av Stortinget
  • Ordninga er søknadspliktig. Søknaden gjeld for eitt barnehageår. Søkjar må vere fakturamottakar.
  • Inntekta skal dokumenterast med sjølvmeldinga frå førre år.

 

Informasjon om gratis kjernetid for 2-, 3-, 4- og 5-åringar

  • Frå 1.august 2019 har alle 2-, 3-, 4-og 5-åringar, og barn med utsett skulestart, som bur i husstand med låg inntekt, rett til å få 20 timer med gratis opphaldstid i barnehage pr. veke.
  • Øvre inntektsgrense for å søke er frå og med 01. august 2021 kr. 583 650  per husstand. Inntektsgrensa er vedteke av Stortinget.
  • Ordninga er søknadspliktig. Søknaden gjeld for eitt barnehageår. Søkjar må vere fakturamottakar.
  • Inntekta skal dokumenterast med sjølvmelding frå førre år.

 

Klatrande barn - Klikk for stort bilete