Vedtekter for barnehagane i Vestre Slidre

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I VESTRE SLIDRE KOMMUNE

Vedteke i kommunestyret 21.06.18, gjeldande f.o.m. 01.08.2018

 

§ 1 EIGARFORHOLD - STYRING

Vestre Slidre kommune eig Slidre barnehage og Røn naturbarnehage.

Barnehagane vert drivne i samsvar med ”Lov om barnehagar”, gjeldande forskrifter og retningsliner, samt kommunale vedtak og plan for barnehagane.

Kvar barnehage skal ha eit samarbeidsutval (SU).

1 el. 2 representantar frå foreldrerådet

1 el. 2 representantar frå dei tilsette

1 el. 2 representantar frå eigar/kommunen

Representantar for foreldra og dei tilsette vert valde for to år. Styrar er sekretær for SU.

Eigars representantar blir valde for fire år (ein kommunestyreperiode).

Val skal gjennomførast innan 15.9 i barnehageåret.

 

Kvar barnehage skal ha eit foreldreråd som er samansett av alle føresette.

 

§ 2 FORMÅL

Barnehagens formålsparagraf.

Barnehagen skal i samarbeid og forståing med heimen ivareta barnas behov for omsorg og leik, og fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Barnehagen skal bygge på grunnleggande verdiar i kristen og humanistisk arv og tradisjon, slik som respekt for menneskeverdet og naturen, på åndsfridom, nestekjærleik, tilgjeving, likeverd og solidaritet, verdiar som kjem til utrykk i ulike religionar og livssyn og som er forankra i menneskerettane.

Barna skal få utfolde skaparglede, undring og utforskartrong. Dei skal lære å ta vare på seg sjølv, kvarandre og naturen. Barna skal utvikle grunnleggande kunnskapar og ferdigheiter. Dei skal ha rett til medverking tilpassa alder og føresetnadar.

Barnehagen skal møte barna med tillit og respekt, og ha forståing for  barndommens eigenverdi. Den skal bidra til trivsel og glede i leik og læring, og være ein utfordrande og trygg stad for fellesskap og vennskap. Barnehagen skal fremme demokrati og likestilling og motarbeide alle former for diskriminering.

Endra ved lov 19 des. 2008 nr. 119 (ikr. 1 aug 2010 iflg. res. 18 juni 2010 nr. 828).

 

§ 3 GODKJENNING – AREALNORM – ANTAL PLASSAR

Rådmannen er godkjenningsmyndigheit for barnehagane, og kan fastsetje netto leike- og

opphaldsareal for den enkelte barnehage. Arealutnyttinga vert fastsett  av eigaren.

I merknader til lova er det gjeve fyljande rettleiande norm: 4,00 m2 pr. plass over 3 år og

5,33 m2 pr. plass under 3 år.

 

Vestre Slidre kommune sin arealnorm er 4,5m2 pr. plass.

Arealutnytting av barnehagane er:

Slidre barnehage       - 272 m2 – 54 plassar

Røn naturbarnehage  - 345 m2 – 54 plassar – kan utvidast ved behov  *jfr. §5-5

 

§ 4 SØKNAD – INNTAK

Det årlege inntaket av nye barn blir kunngjort i lokalpressa og på kommunens heimeside.

Søknad skjer via Føresettportalen på Vestre Slidre kommune si heimeside https://www.vestre-slidre.kommune.no. Søknadsfristen er 01. februar.

Endringar/plasstildelingar kan skje etter denne dato.

Inntak skjer gjennom heile året, dersom det blir ledige plassar.

Inntaket er gjeldande fram til barnet startar på skulen.

Opptakskrinsen for barnehagane er Vestre Slidre kommune. Unntaksvis kan barn busett i andre kommunar få plass. Dette må skje i samarbeid og etter avtale med barnehagemyndigheit i bustadskommunen. I slike tilfelle vil inntaket gjelde for 1 år.

 

§ 5 INNTAKSKRITERIAR

Inntakskriteriar som ikkje er omfatta  av barnehagelova og barnevernlova blir vedteke etter

føringar i barnehagelova § 2 om opptakskriteriar.

 

1. Barn med nedsett funksjonsevne (Barnehagelova § 13)

2. Barn som er råka av omsorgsovertaking eller frivillig hjelpetiltak etter lov om

    barnevernstenester. ( Barnevernlova §§4-12 og 4-4 annet og fjerde ledd)

3. Barn frå familier som har store belastningar p.g.a. sjukdom, funksjonshemming eller

    liknande. (Lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga, 01.01.2010.)

4. Barn av einslege forsørgjarar i utdanning eller arbeid

5. Barn frå framandspråklege familier

 

Søkjaren må sjølv oppgje  om det krevs prioritering ut fra pkt. 1 - 5 ved inntak. Krav som kjem innunder PP-tjeneste, barnevernstjeneste, helsetjeneste, flyktningetjeneste eller NAV, må dokumenterast.

 

§ 6 BARNEHAGEÅRET 

Barnehageåret reknast som 12 månader frå skuleårets oppstart midt i august.

Barnehagane er opne alle vanlege kvardagar med unntak av kvardagane mellom jul og nyttår, påskeveka, og veke 29 og 30.

Barnehagane er stengt 5 planleggingsdager pr. år. Desse er lagt til grunnskulens planleggings - / fridagar.

Alle barn skal ha 4 veker ferie pr. år. Det vil seia 3 veker utanom jul/påske. Desse vekene må takast ut i perioden 1. juni – 20. august. Sumarferien må meldast til barnehagen gjennom MyKid innan 1. mai.

 

§ 7 OPPHALDSTID

Alle barnehagane har opningstid 9,5 t. pr. dag: kl. 07.30 til kl. 17.00.

 

Alle barnehagane gjer fyljande plasstilbod:

5 dagar pr. veke

4 dagar pr. veke

3 dagar pr. veke


Foreldre med barn i barnehage har moglegheit til å kjøpe enkeltdagar dersom dei av spesielle årsaker har behov for det. Kjøp av enkeltdagar/timar kan ikkje skje ubegrensa. Ved stort behov må det søkjast om utviding av plassen.

 

§ 8 FORELDREBETALING

Kommunestyret fastset kor mykje ein plass i barnehagen kostar pr. år. Kostnaden følgjer makspris som vert fastsett av Udir. Betalinga skjer forskottsvis kvar månad og blir fordelt på 11 månader. Måltider betalast av foreldra, og kjem i tillegg til betalinga for barnehageplassen.

 

Ved opptak av nye barn i barnehageåret, reknar ein foreldrebetalinga frå oppstartsdato. Det same gjeld ved endring av plass.

Det vert gjeve frådrag i foreldrebetalinga for legitimert sjukefråvær i 14 samanhengande dagar eller meir. Søknad om betalingsfri sendast til den barnehagen det gjeld. Bekreftelse frå lege, sjukehus eller liknande må leggjast ved.

Det vert ikkje gjeve betalingsfritak for uforutsett stegning over kortare tid (for eksempel streik, streng kulde, vannmangel eller liknande).

Kommunestyret vedtek eige betalingsregulativ der det er teke inn bestemmelsar om sysken-moderasjon, og gebyr ved for sein henting. Syskenmoderasjon vert innvilga automatisk.

Det er høve til å søkje om friplass for barn med funksjonshemmingar eller når økonomiske eller sosiale tilhøve ligg til grunn.  Søknaden behandlast  etter Lov om barneverntenester eller Lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga.

Det er utarbeidd eigne retningsliner for søknad om redusert betaling, samt gratis kjernetid for 3-, 4- og 5-åringar. Desse ligg på kommunens heimesider.

 

§ 9  ENDRING ELLER OPPSEIING AV PLASS

Endring eller oppseiing av plass må skje via Føresettportalen.

Barnehageplass kan seiast opp av foreldre/føresette når som helst i året fram til 01.05.

Endrings-/oppseiingsfristen er ein kalendermånad rekna frå den 1. i påfølgande månad.

Oppseiing som gjeld mellom 01.06. og nytt barnehageår må koma til barnehagen

seinast 01.05., på grunn av sumarplanlegging.

 

Ved manglande betaling eller anna misleghald har eigaren (kommunen) tilsvarande rett til oppseiing, dvs. at barnet kan miste plassen sin. Rådmannen har oppseiingsmynde.  I slike saker skal foreldre/føresette varslast i så god tid at dei har moglegheit til å rette opp forholda som eigaren ikkje kan godta. Barn med føresette der kommunen har uteståande fordringar knytt til foreldrebetaling, får ikkje tildelt ny plass. Ny plass kan derimot tildelast når gjelda er sletta, med føresetnad om at det er ledig barnehageplass.

 

§ 10 KLAGER – KLAGEINSTANS

Alle enkeltvedtak, for eksempel avslag på søknad om barnehageplass og avslag på søknad om friplass kan innklagast for Klagenemnda. Slike saker behandlast fyrst av Rådmannen som underinstans.

 

§ 11 INTERNKONTROLL

Barnehagane er i tillegg til gjeldande lover med forskrifter, omfatta  av Vestre Slidre kommunes rutinar og retningsliner for helse, miljø og sikkerheitsarbeid.

 

§ 12 NORM FOR BEMANNING

Bemanninga i barnehagen må vere tilstrekkeleg slik at personalet kan drive ei tilfredsstillande pedagogisk verksemd. Kva som er ”tilstrekkeleg” må vurderast både ut frå kor mange born det er totalt, alderen på borna, opphaldstid, kor mange born som har behov for spesiell hjelp og støtte, den fysiske utformina av barnehagen og andre lokale tilhøve.

 

Barnehagen skal ha minst éin tilsett per tre barn når barna er under tre år og éin tilsett per seks barn når barna er over tre år. Barn skal reknast for å vere over tre år frå og med august det året det fyller tre år.

Kvar barnehage skal ha ein styrar som har den daglege leiinga av verksemda. 

Det skal vere minst éin pedagogisk leiar per 14 barn når borna er over tre år, og minst éin pedagogisk leiar per 7 born når borna er under tre år. Tilsette med stillingskode som barnehagelærar kan her tellast som pedagogisk leiar. Pedagogiske leiarar skal ha utdanning som barnehagelærar eller likeverdig utdanning. Dei andre tilsette i barnehagen skal fortrinnsvis ha utdanning som barnehagelærarar eller fagarbeidarar innan barne – og ungdomsarbeiderfaget,  tilsvarande praksis eller utdanning.

Endret ved forskrift 19 des 2017 nr. 2290. Endres ved forskrift 19 des 2017 nr. 2418 (i kraft 1 aug 2018).

 

§ 13 TEIEPLIKT OG OPPLYSNINGSPLIKT

Jfr. barnehagelovas § 20 om Taushetsplikt  og barnehagelovas § 21om Opplysningsplikt til sosialtjenesten og den kommunale helse- og omsorgstjenesten.

 

§ 14 POLITIATTEST

Den som skal ansetast fast eller midlertidig i barnehage skal legge frem politiattest som nevnt i politiregisterlova § 39 første ledd.

Barnehageeigar og kommunen som barnehagemyndigheit kan kreve politiattest som nevnt i fyrste ledd for andre personer som regelmessig opphaldar seg i barnehagen, eller har vesentleg innflytelse på drifta av barnehagen.

 

§ 15 FORSIKRING

Vestre Slidre kommune har teikna ansvars – og ulykkesforsikring som gjeld den tida barna er i barnehagen.