Barn og unge som pårørande

Foreldre oppfordrast til å ta kontakt med barnehagepersonell og lærarar for å informere om familiesituasjonen om noko er vanskeleg. På den måten kan vi saman gjera kvardagen lettare for barnet.

Barn som pårørande er i mange kategoriar og dei kan ha:
•    foreldre og sysken med rus og alkoholmisbruk,
•    foreldre og sysken med alvorleg diagnose som f.eks. kreft
•    foreldre og sysken med psykiske lidingar.

Å vere barn som pårørande har stor påverknad på deira kvardag. Nokon barn kan streve med å setje ord på det som er vanskeleg. Det er ikkje uvanleg at barnet forandrar seg:    
•    Det kan bli vanskeleg å konsentrere seg om lekser på skulen og om leik og læring i barnehagen.
•    Nokon kan bli meir sinte, og kan utagere.
•    Det er ikkje uvanleg å trekkje seg bort for seg sjølv

Vi som vaksne profesjonelle må væra konkrete og spørja barnet direkte og vere der for dei. I nokon tilfelle snakkar barna med ein gong, i andre tilfelle må dei ha tid på seg for å opne seg. Det er stor hjelp for barna berre å vite at dei har mogelegheita til å snakka med den vaksne som tok opp temaet. Det kan væra nok å seia at "eg ser at du har det vanskeleg...".
 

Forsking viser at barn vil ha informasjon og vite. Fantasien er ofte vondare enn verkelegheita.
 

Kontaktinfo

Elwira Raczkiewicz
Fagleiar psykisk helse og rus
E-post
Telefon 99 11 78 10
Berit Irene Langseth Bøen
Barne- og ungdomslos
E-post
Mobil 48 14 90 53
Hege Birketvedt Eklund
Kreftsjukepleiar
E-post