Inkludering

Avdeling for inkludering er ei teneste for inkludering av flyktningar og andre tilflyttarar til kommunen.

Flyktningteneste har ansvar for busetjing, kvalifisering og integrering av flyktningar. Tenesta samarbeider blant anna med NAV, ulike bedriftar om arbeids -og språktrening, andre offentlige tenestar, lokale lag og foreiningar og  Frivilligsentralen. Kommunen arbeider for at flyktningar skal bli godt kjent i lokalsamfunnet  og med lag og foreiningar som har tilbod på fritida for små og store.  Kommunen ynskjer å legge til rette for at dei vi har busett i vår kommune, skal bli verande, bu trygt og godt og at borna får ein god oppvekst.

I samarbeid med kvar enkelt flyktning blir det laga ein plan,- eit kvalifiseringsløp: 
Introduksjonsprogrammet gjev grunnleggjande ferdigheiter i norsk, grunnleggjande innsikt i norsk samfunnsliv og førebuing for deltaking i yrkeslivet. 
Lov om introduksjonsordning og norskopplæring for nyankomne innvandrarar (introduksjonsloven); Rundskriv G-01/2016. For tida kjøper kommune denne tenesta av ein anna kommune.
Norskopplæring kan kommunen og formidle for deg som har rett og plikt til norskopplæring.

Inkudering av nytilflytta til kommunen. Inkluderingsrettleiar samarbeidar med leiar for Frivilligsentralen og folkehelsekoordinator for å integrere innflyttarar i bygda vår. Vestre Slidre skal vera ein attraktiv stad å leve, bu og arbeide. Kommunen skal leggje til rette for gode møteplassar, samarbeid, frivillig arbeid, omsorg og gjestfriheit for befolkninga vår og kvardagslivet i kommunen.
 

Mangfold - Klikk for stort bilete

Kontaktinfo

Torill Trøen
Leiar for inkludering
E-post
Telefon 61 34 51 40