Satsing på realfagVestre Slidre kommune vedtok våren 2017 å søkje om å bli med i ei nasjonal realfagsatsing i regi av Kunnskapsdepartementet. Søknaden vart innvilga og sidan hausten 2017 har vi vore ei realfagskommune. Hausten 2018 fekk vi midlar frå Utdanningsdirektoratet til å forlenge satsingsperioda til ut 2019. Satsinga er politisk forankra i kommunen. Formålet med realfagssatsinga er at barn og ungdom skal utvikle og betre sin matematiske kompetanse: Kommunen skal utarbeide ein heilskapleg plan for matematikk i barnehage og skule Barn og unges kompetanse i realfag skal forbetrast Andelen barn og unge på lågt nivå i matematikk skal reduserast Fleire barn og unge skal prestere på høgt og avansert nivå i realfag Barnehagelærarane og lærarane si kompetanse i realfag skal forbetrast Det er i samband med prosjektet utvikla ein strategi- og tiltaksplan for arbeidet med realfag i barnehagane og skulen i kommunen. Sist endra02.10.2018 08.34