Retningsliner for permisjon utanom skuleferiar og fridagar

Vestre Slidre kommune har plikt til å sikre at elevane i kommunen får den undervisninga dei lovmessig har krav på. Utdanningsdirektoratet og Kunnskapsministeren opp fordrar kommunane til å vere strenge når det gjeld å innvilge permisjonar utanom skuleferiar og fridagar. Det er uheldig for klassa og kontinuiteten av elevens opplæring viss dei mistar verdifull undervisningstid.

I Opplæringslova § 2-1, Rett og plikt til grunnskuleopplæring, heiter det:

"Barn og unge har plikt til grunnskuleopplæring og rett til ein offentlig grunnskuleopplæring i samsvar med denne lova og tilhøyrande føreskrifter" (…)"Dersom ein elev utan å ha rett til det har fråvære fra den pliktige opplæringa, kan foreldra eller andre som har omsorg for eleven, straffast med bøter dersom fråværet kjem av at dei har handla forsettleg eller aktlaust."

Gjennom eit skuleår har elevane 10 vekers ferie, i tillegg til jul - og påskeferie. Det er ynskelig at elevanes ferie, viss mogleg, vert lagt til desse 12 vekene. Føresette bør nøye vurdera konsekvensane for eleven, før ein søkjer om permisjon utanom fastsatt skulerute.

Av omsyn til saksbehandlingstida bør det søkjast i god tid før det planlagde fråværet startar, og før forpliktande avtalar vert inngått, som til døme bestilling og betaling av billettar. Vedlagt søknadsskjema skal nyttast.

I Opplæringslovas § 2-11, Permisjon frå den pliktige opplæringa, heiter det;

"Når det er forsvarleg, kan kommunen etter søknad gje den enkelte elev permisjon i inntil 2 veker.

Elevar som høyrer til eit trussamfunn utanfor Den norske kyrkja, har etter søknad rett til å vere borte frå skulen dei dagane trussamfunnet deira har helgedag. Det er eit vilkår for retten at foreldra sørgjer for nødvendig undervisning i permisjonstida, slik at eleven kan følgje med i den allmenne undervisninga etter at permisjonstida er ute.»

Kontaktlærar kan gje permisjon inntil 3 skuledagar. Rektor kan gje permisjon inntil 10 skuledagar. Kontaktlærar skal nøye vurdere om det er forsvarlig å tilrå permisjon frå undervisninga. Det skal og dokumenterast kva eleven vil miste av undervisning i den tida det vert søkt om permisjon, og kva ein forventar at føresette skal gå igjennom i dei ulike faga i permisjonstida. Eleven kan ikkje rekne med å få ekstra hjelp frå skulen når han/ho kjem tilbake for å ta att for fråværsperioda.

Dersom føresette vel å ta barnet ut av skulen, enten utan å ha søkt, eller utan å ha fått innvilga (heile) sin søknad, vil eleven få ugyldig fråvær for den delen av søknaden som eventuelt ikkje er innvilga. Etter to vekers ugyldig fråvær skal eleven skrivast ut av skulen. I slike tilfelle vert vidare saksbehandlinga overført frå rektor til opplærings – og kultursjef.