Kultur-SFO

Frå skulestart august 2021 er det vedteke at alle elevar ved Vestre Slidre skule skal ha 5 dagar skuleveke. Kvar måndag vil 1. og 2. klassingane ha kultur-SFO frå kl 14.00-14.45. Det vil vera felles heimkjøring for alle elevane på skulen kl. 14.45. Kultur-SFO for 1. og 2. klasse er eit flott, frivillig og gratis tilbod, men dersom ein ikkje vil nytte seg av det, må føresette hente eleven kl 14.00. Vi ynskjer at dei som ikkje vil nytte seg av tilbodet skuleåret 21/22 gir skulen tilbakemelding på telefon 61345110 innan 1. juni-21.

Kva slags tilbod får mitt barn på Kultur-SFO i skoleåret 21/22?

Kultur-SFO er eit gratis aktivitetstilbod i regi av kulturskulen. Vi har erfarne kulturskulelærarar som skreddersyr gruppeaktivitetar for 1. og 2. klassingar innanfor faga dei brenn for. I Kultur-SFO blir elevane delt inn i tre grupper. Gruppene følgjer kvar aktivitet i 12 eller 13  måndagar, og bytter så til ny aktivitet. Det betyr at alle elevane har vore gjennom alle tre stasjonane når året er omme.

 

Jan Beitohaugen Granli

  • Hallingdans og go`karstykkjo
  • Prisbelønna hardingfelespiller som og underviser i folkedans og munnharpe. Har og erfaring frå musikkbarnehage og barnekonsertar der han liker å kle seg ut, for eksempel som ku!
  • Jan får elevane til å oppleve vår lokale folkedanstradisjon, der både puls og rytme, men også sprell, leik og triks er viktige element.

Silje Helland

  • Musikkverkstad og song
  • Syng og spelar på dei fleste instrument, men liker spesielt godt ukulele, gitar og kubjelle!
  • Silje lar elevane bruke hele kroppen i møte med musikk, med songleiker, utprøving av instrument og rytmeleikar

Anica Seljestad

  • Teater og kunstfag
  • Har erfaring frå kulturskuleundervisning i kunstfag og teater i tillegg til musikkbarnehage. Har så mange spanande rekvisittar til teaterforestillingane ho set opp, at ho må stappe alt i en svær tilhengar når det ikkje er i bruk!
  • Anica vil både gje elevane opplevingar og aktivitetar innanfor forming og kunst, men og i teater, med rollespel, pantomime og leikar som utfordrar kreativiteten.