Ordensreglement

Forskrift om
Ordensreglement for grunnskulen i Vestre Slidre

12.02.14 har SU ved Røn skule og 01.04.14 har SU ved Slidre skule vedteke følgjande
forskrift om ordensreglement:

I Innleiing


1 Heimel
Ordensreglementet er gjeve med heimel i lov av 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskulen og den
vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 2-9.
I tillegg til dette kommunale ordensreglementet har den enkelte skule mynde til å utarbeide
utfyllande skule-/klassereglar tilpassa lokale forhold.
Ordensreglementet må sjåast i samanheng med ”Plan for å sikre elevane eit godt psykososialt
miljø ved den einskilde skule”.

2 Formål
Ved skulane våre vil vi ha eit godt miljø for læring og arbeid. Eleven, heimen og personalet
må samarbeide for å få dette til.

3 Virkeområde
Ordensreglementet omfattar grunnskulen og SFO i Vestre Slidre kommune.
Ordensreglementet inneheld reglar om orden og åtferd, reglar om kva tiltak som skal kunne
brukast når elevar bryt reglementet og reglar om framgangsmåte når slike saker skal
behandlast.

Ordensreglane gjeld for elevane i skuletida, på SFO, på området til skulen og på skulevegen.
Skulen pliktar å gjere elevar og føresette kjende med dette ordensreglementet.

II Reglar og konsekvensar ved regelbrot


4 Reglar for orden og åtferd
Skulane i Vestre Slidre skal gje elevane dei beste moglegheiter for læring og utvikling. Det er
viktig for læringsmiljø og trivsel at elevane følgjer vanlege reglar i samfunnet for korleis ein
oppfører seg.
Elevane i skulane i Vestre Slidre skal
a) rette seg etter det dei tilsette på skulen seier. Det er dei tilsette på skulen som avgjer
kva som er tillate.
b) ikkje utsetje andre for krenkande ord eller handlingar som mobbing, diskriminering,
vald, rasisme eller utestenging på skulen eller på skulevegen.
c) vera høflege, ha fin framferd og språkbruk.
d) vise omsyn og respekt for andre. Voldsom, farleg leik som kan få konsekvensar for
eigen eller andre sin tryggleik er ikkje tillate (blant anna stein- og snøballkasting).
e) Ikkje eta godteri utan avtale med vaksne.
f) ikkje ta med eller bruke tobakk, snus, alkohol, narkotika eller andre rusmiddel i
skuletida.
g) ikkje jukse i skulearbeidet.
h) halde arbeidsro i timane.
i) ikkje ta med gjenstandar som kan skade personar, bygning eller inventar på skulen.
j) ikkje forlate skulen sitt område utan at det er gitt løyve til det.
k) ha løyve frå lærar for å fotografere, filme og ta lydopptak i skuletida.
l) la mobiltelefon, Ipod/Ipad/MP3 og liknande vera avslått i alle opplæringssituasjonar
og berre bruke desse dersom skulen har tillete det (gjeld u-steget).
m) møte presis til timar og avtaler.
n) gjere skulearbeidet til avtalt tid.
o) la utstyr som ikkje høyrer skuledagen til vera att heime. For 1.-7. klasse gjeld dette
mellom anna leiker, mobiltelefon, berbar pc og anna digitalt utstyr.
p) halde orden og ta vare på alt som tilhøyrer skulen, inne og ute, og behandle skulebøker
og anna undervisningsmateriell fint.

5 Fråvær
Elevane har rett og plikt til grunnskuleopplæring. Planlagt fråvær skal varslast skulen skriftleg
i forkant. Etter sjukdom skal skulen ha skriftleg melding.
Ved sjukdom ynskjer skulen å få beskjed fyrste dag, ved sjukdom utover tre dagar skal skulen
ha beskjed.
Ved meir enn 15 dagar fråvær utan legeerklæring pr halvår, blir det sett i verk tiltak.
Eksempel på tiltak er; samtale med elev og føresette, samarbeid med helsesøster/PPT/BUP
eller bekymringsmelding til barnevernstenesta.
Udokumentert fråvær blir vektlagt når ordenskarakteren blir satt. Ved mistanke om ugyldig
fråvær, skal eleven sine føresette varslast same dag .
Når det er forsvarleg kan skulen etter søknad gje den enkelte elev permisjon i inntil 2 veker.

6 IKT
Skulen har eigne IKT-reglar.

7 Konsekvensar ved brot på reglar – sanksjonar
Alle konsekvensar ved regelbrot skal vera av ein slik art at elevane forstår kva reglar som er
brote og kvifor skulen må reagere på dette. Eleven skal, dersom det er mogleg, få anledning til
å gjera opp for seg.
Ved regelbrot kan skulen:
a) gje munnleg/skriftleg åtvaring
b) kontakte heimen og involvere dei føresette
c) gje pålegg om oppgåver for å rette opp skade som er påført skulen sin eigedom eller
eigendelar (rydde søppel, vaske golv, fjerne tagging og liknande)
d) krevje at eleven er tilstade på skulen før eller etter skuletid i samband med samtaler
og /eller for å utføre pålagte oppgåver
e) beslaglegge utstyr/rusmiddel som ikkje er lov å ha med på skulen. Tobakk, snus og
alkohol blir overlate til føresette, ulovlege rusmiddel til politiet.
f) setje ned karakterar i orden og /eller åtferd dersom føresette på førehand er varsla, jfr.
Forskrift til opplæringslova § 3-5 til § 3-7
g) vise bort elev frå klasse/gruppe inntil 2 klokketimar etter lærar si avgjerd(skulen har
som elles ansvar for nødvendig tilsyn med eleven), jfr. opplæringslova §2-10
h) vise bort for resten av skuledagen etter rektor si avgjerd. Føresette til elevar skal
varslast før det blir sett i verk bortvisning for resten av dagen, jfr. opplæringslova § 2-
10
i) ved fleire alvorlege brot på reglementet vise eleven bort frå skulen for lenger tid enn
resten av dagen (inntil 3 dagar, gjeld berre 8.-10. klasse), jfr. opplæringslova § 2-10
j) i heilt spesielle tilfelle kan kommunen vedta eit midlertidig eller permanent skulebytte
(opplæringslova § 8-1)
k) sende ein elev heim frå skuletur (opplæringslova § 2-10)
l) eventuelle andre sanksjonar

8 Skade/hærverk
Ved skade eller hærverk på skulen sine bygningar og/eller eigendelar kan eleven i tillegg bli
ilagt sanksjonar etter dette reglementet, og bli erstatningsansvarlig etter skadeerstatningslova
§1-2 for inntil kr. 5.000.

9 Straffbare forhold
Ved brot på reglementet som kan vurderast som lovbrot, skal det meldast politiet. Det er
rektor som vurderer og melder.

10 Framgangsmåte ved vedtak om tiltak og sanksjonar
Eleven har alltid rett til å uttale seg til den som fattar ei avgjerd før det blir bestemt sanksjonar
eller fattast vedtak som nemnt under § 7 og § 8.
Ved alvorlege regelbrot der det er aktuelt å bestemme sanksjonar som nemnt i punkt 7
bokstav i, j, k og l, skal vedtak fattast etter forvaltningslova § 2 (enkeltvedtak). Eleven sine
føresette skal ha rett til å uttale seg før vedtak blir fatta.
Vedtaket kan påklagast av føresette etter forvaltningslova § 28. Fristen for å klage er 3 veker
frå det tidspunktet dei føresette har motteke enkeltvedtaket, jfr. forvaltningslova § 29. Ei
eventuell klage kan rettast til skulen som har fatta enkeltvedtaket. Dersom skulen finn å ikkje
kunne omgjere vedtaket, eller gje klagaren medhald, vil klaga bli sendt Fylkesmannen i
Oppland.

Det er berre den eleven eller dei elevane som har gjort seg skuldig i brot på reglement som
kan refsast. Kollektiv avstraffing er ikkje tillete.