Vedtekter for SFO

VEDTEKTER FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I VESTRE SLIDRE KOMMUNE

Vedteke i Kommunestyret 12.06.14 - gjeldande frå skuleåret 2014 – 2015

Revidert 18.01.18.

§ 1 EIGARFORHOLD

Vestre Slidre kommune eig ei skulefritidsordning (SFO). Denne er knytt til Vestre Slidre skule.

SFO-tilbodet vert drive i samsvar med Opplæringslova med forskrifter, statlege retningslinjer og kommunale vedtak. Kommunestyret har politisk ansvar for forvaltninga av SFO.

§ 2 FORMÅL

SFO er eit omsorgs – og aktivitetstilbod for 1. – 4. klasse, og for barn med særskilde  behov  i 1. – 7. klasse. SFO skal legge til rette for leik, kultur - og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser. Funksjonshemma barn skal givast gode utviklingsvilkår. Det vert lagt vekt på å gje barna ansvar, omsorg og respekt.

 

§ 3 SØKNAD – INNTAK

Søknad om inntak skjer via Føresettportalen på Vestre Slidre kommune si heimeside. Det vert gjeve plass for eitt skuleår om gongen. Dersom det ikkje er plass til alle som søkjer, skal dei yngste barna og barn med særlege behov prioriterast.

 

Ordinær søknadsfrist er 1. april.

 

§ 4 OPNINGSTIDER  OG TILBOD

SFO-året startar 1. august og varar til 30.juni.

SFO følgjer skuleruta og har stengt jul, påske og 6 planleggingsdagar.

SFO har opningstid frå kl. 07.30 til kl. 17.00

 

For at det skal oppretthaldast SFO-tilbod må minst 5 barn vere påmeldt.

Det må søkjast spesielt om tilbod i skulens feriar.

Alle barn skal ha 4 veker ferie pr. år.

§ 5  FORELDREBETALING

Kommunestyret fastset kor mykje ein plass i SFO kostar pr. år. Foreldrebetalinga aukar normalt ved årsskiftet. Betalinga skjer forskottsvis kvar månad og blir fordelt på 11 månader.

Ved opptak av nye barn i skuleåret, reknar ein foreldrebetalinga frå den 1. eller 15. i månaden. Det same gjeld ved endring av plass.

Det er høve til å kjøpe enkeldagar dersom det er ledig kapasitet.

Betaling for ferietilbod fakturerast i forkant.