Frisklivssentralen

Frisklivssentralen - Klikk for stort bileteFrisklivssentralen

Frisklivssentralen i Vestre Slidre
 

Kva er ein Frisklivssentral (FLS)?

Ein frisklivssentral er ei helsefremjande og førebyggande helseteneste. Tenesta tilbyr rettleiing og oppfølging innan fysisk aktivitet, kosthald og tobakk. FLS samarbeider med ulike aktørar, og har oversikt og kjennskap til offentlege, frivillige og private tilbod og tenester i kommunen og spesialisthelsetenesta.

 

For kven er Frisklivssentralen?

Målgruppa personar med auka risiko for livsstilssjukdommar, eller som har utvikla sjukdommar og plagar knytt til livsstil. Tilboda gjennom FLS er for dei som ynskjer og treng støtte til å endre levevanar og meistre sine utfordringar i helse. Målet er at deltakarane blir gjort i stand til å halde fram med eigen aktivitet eller nytte andre tilbod etter deltaking på FLS.

 

Kva skjer på Frisklivssentralen i Vestre Slidre?

  • Gågruppe, middels tempo
    Måndagar kl 10.30-12.00. Oppmøte utanfor Plassen
    Oppstart veke 38
     
  • Gågruppe, rakst tempo
    Måndagar kl 15.00-15.45. Oppmøte utanfor Plassen
    Oppstart veke 38
     
  • Balansegruppe (ute og inne)
    Onsdagar kl 10.30-11.30. Plassen
    Oppstart veke 38
     
  • Bassengtrening med fysioterapeut
    Måndagar kl. 15.00-16.00
    Symjehallen i Slidre
    Oppstart veke 41
     
  • Individuell rettleiing innan aktivitet, kosthald og tobakk.
    Ta kontakt med frisklivsrettleiar for meir informasjon. 
     
  • BraMat-kurs, kurs for endring av matvanar
    Ta kontakt med frisklivsrettleiar for informasjon om neste BraMat-kurs.
     

Folkehelseveko.
Blir arrangert kvart år i samarbeid med mellom anna Frivilligsentralen.

Korleis ta kontakt med Frisklivssentralen?

Tilboda i frisklivssentralen er lågterskeltilbod. Det betyr at ein ikkje treng tilvising frå lege eller anna helsepersonell for å ta kontakt med FLS. Lege og helsepersonell kan tilvise deltakarar med ein frisklivsresept.

  • Ta direkte kontakt med frisklivsrettleiar Åshild Gjevre
     

    Tlf: 61 34 51 71  /  976 17 406            

    Epost: ashild.gjevre@vestre-slidre.kommune.no

  •  
  • Du er hjarteleg velkommen til å kome innom Frisklivssentralen for ein prat.

 

 

Me held til på Plassen

Frisklivssentralen i Vestre Slidre
Tunvegen 17
2966 Slidre

Måndag - fredag kl 08.00-15.30

Kontaktinfo

Frisklivssentralen
Telefon 906 50 806
Åshild Gjevre
Fysioterapeut
E-post
Telefon 61 34 51 71
Mobil 976 17 406

Åpningstider

Tysdagar: 12.00 - 13.00
Onsdagar: 11.30 - 12.30
(evt. etter avtale) 

Adresse

Vestre Slidre frisklivssentral
Slidrevegen 18
2966 Slidre

Kartpunkt