Barneverntenesta i Vang og Vestre Slidre kommune

Barneverntenesta i Vang og Vestre Slidre er samlokalisert med kontor i Vestre Slidre kommune.

Kommunen ved barneverntenesta har eit lovpålagt ansvar etter barnevernlova å drive eit generelt forbyggande arbeid i forhold til barn og unge. Hovudoppgåva er å sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade deira helse og utvikling får nødvendig hjelp og omsorg til rett tid. Tenesta skal og bidra til at barn og unge får trygge oppvekstvilkår.

Funksjon

Barn skal bu heime så sant det er mogleg. Når forholda i heimen tilseier det, eller når barnet av andre grunnar har særleg behov for det, kan barneverntenesta setje i verk hjelpetiltak for å betre barnet sin situasjon. I slike tilfelle legg ein vekt på å finne årsaker til vanskane og løysingar saman med foreldre og barn. Hensynet til barnets beste skal vera avgjerande for kva hjelpetiltak som vert sette i verk.

Vedtak

Det vert fatta eit vedtak der det går fram kva tenesta/hjelpetiltaket omfattar. Vedtaket kan påklagast med klagefrist på 3 veker. Klaga sendast til barneverntenesta som vurderer om vedtaket skal endrast. Om vedtaket ikkje blir endra vert klaga sendt til Fylkesmannen for klagebehandling.

Målgruppe

Barneverntenesta skal hjelpe barn frå 0 – 18 år. I spesielle høve kan tiltak som er iverksett før fylte 18 år oppretthaldast eller erstattas av andre tiltak inntil 23 år.

Saksgang

Innkomne meldingar skal gjennomgåast og vurderast snarast innan ei veke. Ei eventuell undersøking skal gjennomførast snarast og seinast innan 3 månader. I særskilte tilfelle kan fristen for undersøking verte forlenga til 6 månader.

Liste over aktuelle som barneverntenesta kan sette i verk:

  • støttekontakt
  • avlastning
  • leksehjelp
  • åtferdsvanskar
  • heimekonsulent
  • grensesetting
  • barnehageplass
  • råd og rettleiing til foreldre, barn og unge
  • økonomisk hjelp

Samarbeid

For å kunne sikre barn, unge og foreldre ei god teneste er barneverntenesta avhengig av å kunne ha eit tverrfagleg samarbeid med barnehage, helsestasjon, skule, PPT osv. Dersom det er naudsynt hjelper barneverntenesta til med å ta kontakt med andre hjelpeinstansar både innanfor det kommunale hjelpeapparatet og spesialisttenesta.

Barneverntenesta har som ei viktig målsetting å få til eit best mogleg samarbeid med barn, unge, foreldre, barnehage, skule, helsestasjon og det øvrige hjelpeapparatet.

Kontakt utanom ordinær kontortid

Tjenesten har ingen vaktordning utenom ordinær kontortid. Utenom kontortid og ved helger/høytidsdager er politiet rette instans ved bekymring for barn og familier: Innlandet politidistrikt,  Gjøvik 62 53 90 00 / 02800.

Kontaktinfo

Randi Stenberg
Leiar i barnevernet i Vestre Slidre
E-post
Telefon 61 34 51 56

Åpningstider

15. mai til 15. september
Kl. 08.00 - 15.00

16. september - 14. mai
Kl. 08.00 - 16.00

Adresse

Barnevernteneste i Vang og Vestre Slidre kommune
Slidrevegen 16
2966 Slidre

Kartpunkt