Innsatsteamet er eit tverrfagleg samansett team med faste deltakarar frå ulike fagområde, med ulik kunnskap og erfaring. Teamet blir brukt dersom det er behov for å drøfte ei sak i eit større fagforum enn ressursteam. Målet med innsatsteamet er å sikre tidleg og riktig tiltak for barn, unge og deira familiar. Målgruppa er familiar som ventar barn og/eller har barn og ungdom i alderen 0-18 år.
Innsatsteamet består av:
- Kommunepsykolog
- Helsesjukepleiar
- Helsestasjonslege
- representant frå psykisk helse
- representant frå skule/barnehage
- Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT)
- Barneverntenesta
- Barne- og ungdomspsykiatrien (BUP)
- Ved behov kallast andre samarbeidsinstansar inn.
Familieveileder er leiar for Innsatsteamet.
Foreldre og barn over 16 år kan sjølv søke teamet om hjelp. Barnehage, skule og andre samarbeidsinstansar kan bistå med søknad. Innsatsteamet møtast kvar 4. måndag. Søknad skal leverast minst to veker før møtet.
Henvisningsskjema finn du her (PDF, 65 kB)
Søknadar skal sendast til: Innsatsteam ved Psykisk helseteneste, Slidrevegen 16, 2966 Slidre
Saksgang:
- Søknad vert presentert i Innsatsteam.
- Forslag på tiltak drøftast.
- Koordinator og samarbeidande instansar vert valt.
- Koordinator tek kontakt med familien for vidare oppfylging.
Sist endra 07.01.2025 10.12