I ressursteamet blir saker drøfta når ein er uroleg for eit barn eller barnegruppe. Dei viktigaste oppgåvene til ressursteamet er:
Oppdaging og oppfølging av helse- og trivselsspørsmål: Bidra til å identifisere utfordringar hjå barn så tidleg som mogleg.
Rettleiing og støtte: Tilby rettleiing og støtte til foreldre/føresette, tilsette og barn i spørsmål knytt til helse og trivsel.
Samarbeid om tiltak: Planleggje og følgje opp tiltak som kan støtte barnet sin utvikling og læring.
For at utfordringar til eit barn skal kunne takast opp, og for at tiltak kan setjast i verk, må det innhentast samtykke frå foreldre/ føresette på førehand. Er det ikkje gitt samtykke, kan saka berre drøftast anonymt.