Ressursteam er eit nystarta team der tilsette i skule og helse møtast kvar torsdag. Faste deltakarar er rektor, assisterande rektor, helsesjukepleiar, barne- og ungdomslos, sosialpedagogisk rådgjevar, familieveileder og leiar for familie, helse og førebygging. Dette ivaretek ei brei tilnærming til sakar som takast opp.
I ressursteamet blir saker drøfta når ein er uroleg for ein elev eller ei gruppe. Dei viktigaste oppgåvene til ressursteamet er:
Oppdaging og oppfølging av helse- og trivselsspørsmål: Bidra til å identifisere utfordringar hjå elevar så tidleg som mogleg.
Rettleiing og støtte: Tilby rettleiing og støtte til foreldre/føresette, tilsette og elever i spørsmål knytt til helse og trivsel.
Samarbeid om tiltak: Planleggje og følgje opp tiltak som kan støtte eleven sin utvikling og læring.
For at utfordringar til ein elev skal kunne takast opp, og for at tiltak kan setjast i verk, må det innhentast samtykke frå foreldre/ føresette på førehand. Er det ikkje gitt samtykke, kan saka berre drøftast anonymt.
Sist endra 07.01.2025 10.02