Omsorgsbustadar

Kommunen eig og tildeler følgjande tilrettelagde bustader i Vestre  Slidre

Sikt og Sjå: 8 bustader som favnar målgruppa personar som ikkje lenger kan leve og bu i eigen heim grunna sviktande helse og auka hjelpebehov. 

Bjerkvoll: 3 einheiter

Haugotun: 2 einheiter

Rust og Kroken: tilsamen 12 omsorgsbustadar

Tytebærstigen: 4 einheiter

Bergtun: 8 omsorgsbustadar med heildøgns bemanning for demente personar. Målgruppa er personar med omfattande kogniv svikt og som har behov for heildøgns personale.

Utsyn: 5 bustader for målgruppa personar med psykisk utviklingshemming som har behov for døgnkontinuerleg bemanning.

Lomen: Bustaden på vestsida i Lomen har 3 einheiter

Røn: Bustaden i byggefeltet i Røn har 3 einheiter

 

 

Betaling

Det vert krevd husleie for bustaden i samsvar med kontrakt. Prisen vert indeksjustert etter gjeldande reglar for dette.

 

Bustøtte

Bur du i kommunal bustad, kan du søkje bustøtte. Informasjon om bustøtte og sakshandsaming får du hjå Husbanken.