Demensomsorg - Bergtun omsorgsbustaderBilde av omsorgsbolig Omsorgsbustaden har leilegheiter til 8 personar. Desse inneheld stue, soverom, bad og gang. Huset inneheld også felles areal med stue og kjøkken, i tillegg til personalrom, kontor og garderober. Det er også eit flott uteområde. Bilde av omsorgsboligTil saman 15 tilsette (8 årsverk) har sin arbeidsstad i Bergtun. Det er to personar på dag og kveld, og ei nattevakt i bustaden. I tillegg har arbeidsleiar kontordag ein dag i veka (tysdag), for administrativ jobbing som turnus, prosedyrar og liknande. Dette ansvaret ligg til den største sjukepleiestillinga. Søknader om plass i Bergtun blir behandla på inntaksmøte, som er kvar tysdag, på lik linje med søknader til Sjukeheimen. Sist endra 20.06.2019 14.57