Kvardagsrehabilitering i Vestre Slidre

Har kvardagen vorte meir utfordrande? Har du vanskar med å utføre gjeremål du greidde før?

Kvardagsrehabilitering kan hjelpe deg til å meistre kvardagen igjen!

Kva er kvardagsrehabilitering?

  • Ei førebyggande helseteneste retta mot heimebuande eldre
  • Føremålet er at brukaren skal kunne bu heime lengst mogleg og delta aktivt i eige liv
  • Brukaren skal delta aktivt i rehabiliteringa og jobbe saman ned eit tverrfagleg team for å nå måla sine
  • Rehabiliteringa mot målet skjer i heimen og nærmiljøet til brukaren
  • Tenesta går føre seg i ei intensiv og tidsavgrensa periode

Sjå informasjonsvideo frå heimesjukepleia i Vestre Slidre her:

 

Kven er vi i teamet?

Kvardagsrehabilitering vert drive av eit team beståande av omsorgsarbeidar, fysioterapeutar og heimetrenarar.

Målgruppe

  • Du som opplev plutseleg eller gradvis fall i funksjonsevne
  • Du som opplev at daglege aktivitetar og gjeremål begynnar å bli eller har blitt ei utfordring
  • Du som skal heim etter innlegging på sjukehus eller korttidsopphald på sjukeheim
  • Du som ber om tenester (heimehjelp, heimesjukepleie, avlasting) for fyrste gong eller opplev auka behov for tenester
  • Du som har behov for hjelpemiddel

Korleis få tilbod om tenesta?

  • Ring eller kontakt Tildelingskontoret i Helse og omsorg
  • Fastlegen kan kontakte teamet for deg
  • Alle søknadar vert handsama i inntaksmøtet

Kva kostar tenesta?

Tenesta er gratis.

Korleis få tenesta?

Ring tildelingskontoret eller Åshild for meir informasjon om dette.

 

 

Kvardagsrehabilitering

Lengst mogleg i eige liv – i eigen heim

Kontaktinfo

Åshild Gjevre
Fysioterapeut
E-post
Telefon 61 34 51 71
Mobil 976 17 406
Hilde Stavenjord
Hjelpemiddel
E-post
Telefon 61 34 50 28
Tildelingskontoret
Telefon 948 66 123