Tryggheitsplass i Rust

Målgruppe
Tryggheitsplass i omsorgsbustad i Rust er eit tilbod til eldre/personar som bur i eigen heim og klarer seg sjølv i kvardagen, men som av ymse grunnar opplever "her og no"-situasjonen som vanskeleg. 

Formål for tenesta
Formål er å trygge personar som treng litt ekstra oppfølging for ei periode, slik at dei kan bu heime så lenge som mogeleg.

Kriterier for tryggheitsplass
•    Du har behov for opphald i ein tilnærma døgnbemanna bustad for ei kortare periode.
•    Du har behov for tryggheitsplass grunna einsemd, utryggheit, eller andre forhold som gjer kvardagen vanskeleg   

Korleis får du tryggheitsplass
•    Du søkjer om tryggheitsplass på kommunens søknadsskjema
•    Opphald på tryggheitsplass blir gjeve med inntil 14 dagar av gongen

Meir om tenesta

•    Tryggheitsbustaden er møblert og har tv, dekketøy, kaffetraktar, vasskokar, sengetøy og handkle. Det er ikkje tilgang til nett i omsorgsbustaden.
•    Vask av sengetøy og håndklær blir gjort på sjukeheimsvaskeriet. 
•    Vask av private klede kan leigast på sjukeheimsvaskeriet.  
•    Tryggheitsbustaden har hybelkjøkken der du kan lage enkle måltid
•    Middag kan bestillast frå sjukeheimskjøkkenet. 
•    Tørrmat/drikke blir levert av heimesjukepleia, bestilling via Bergtun.
•    Tenester du har vedtak på frå før t.d. heimesjukepleie, heimehjelp 
får du i tryggheitsbustaden i forhold til ditt hjelpebehov. 
•    Ved behov for legetilsyn må fastlege kontaktast. Fysio/ergo blir tilrettelagt ved behov.
•    Du kan ta med tryggheitsalarmen dersom du har det.

Kva kostar opphald i tryggheitsbustaden
Opphald i tryggheitsbustaden er ei betalingsfri teneste. 
Middag bestilt frå sjukeheimskjøkkenet kostar kr. 94.- pr. middag (2021).

Lovgrunnlag
Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester §§ 3-1 og 3-2 nr. 6 a.