Ergoterapi

Ein ergoterapeut er ekspert på aktivitet og deltaking, og arbeidar for at alle skal kunne delta aktivt i samfunnet uansett alder. Eksempel på dette kan vera å kunne delta og vera mest mogleg aktiv i leik, læring, arbeid eller i kvardagens generelle gjøremål.

Ergoterapeuten skal bidra til løysingar når det oppstår eit gap mellom ein persons helse og kvardagens krav. Det blir gjort ei kartlegging som visar kva som hindrar eller muliggjer kvardagsaktivitetar og rettar fokuset på kva som er viktig i livet til den personen som skal hjelpast.

For å nå måla arbeider ergoterapeuten for at personar skal mestre sine aktivitetar i ulike omgivnader. Dette inkluderer innsats på tre områder:

  • Den enkeltes innbyggjar si mestring og utføring av kvardagsaktivitetar gjennom trening og motivering
  • Tilrettelegging av aktivitetar
  • Tilpassing av omgivnader med universell utforming, boligtilpassing og velferdsteknologi

Kontaktinfo

Ida Sparsås
Ergoterapeut
E-post
Mobil 906 26 476