Helsestasjons- og skulehelsetenesta

Helsestasjon for born 0-5 år, skulehelseteneste og helsestasjon for ungdom er lovpålagte helsetilbod til born og unge i alderen 0-20 år, og til gravide som går til svangerskapskontroll.

Helsestasjons- og skulehelsetenesta skal vera lett tilgjengeleg og er ei gratis teneste.

Tenesta følgjer born og deira familiar med helseopplysing, rettleiing, standardiserte undersøkingar, vaksiner og anna målretta oppfølging på faste tidspunkt. Oppfølginga skal omfatte den fysiske og psykososiale utviklinga til bornet og bidra til gode oppvekstvilkår. I tillegg skal tenesta fange opp risikofaktorar, problem og skeivutvikling, samt setje inn nødvendige førebyggande tiltak.

Helsestasjons- og skulehelsetenesta har tett samarbeid med barnehagane, skulen, flyktningtenesta, kommunepsykolog og psykisk helseteneste. Vidare samarbeider vi med de interkommunale tenestene som Pedagogisk- psykologisk teneste(PPT), barnevern, NAV, politiet, tannhelsetenesta og jordmortenesta. Vi har også samarbeid med andrelinjetenestene som sjukehusa, barne- og ungdomspsykiatrien (BUP) og Habiliteringstenesta.

Helsestasjonen

Helsestasjonen har lokalet sitt på Slidretun i 2.etage i bank-bygget. Inngang på baksida.

Helsestasjonen er ein del av kommunehelsetenesta som utøver helsefremmande og førebyggande helsearbeid mot born 0-5 år.

Tenesta omfattar blant anna:

  • Heimebesøk til nyfødde
  • Grupper og individuelle konsultasjonar
  • Hjelp/råd ved amming
  • Rettleiing om dei grunnleggjande behova til bornet, vekst og utvikling
  • Samtale og rettleiing rundt det å vera foreldre
  • Vaksinering av born etter anbefalt vaksinasjonsprogram
  • Undersøking av born, tilvising til samarbeidspartnarar/spesialistar
  • Oppfølging av born med spesielle behov
  • Oppfølging av familiar med vanskelege livssituasjonar
  • Tilbod om foreldreveiledning
  • Helseopplysing
  • Innsatsteam
  • Sped- og småbarnstreff på Kulturkafeen

Kontaktperson for helsestasjonen er Guro Engen Dalåker, - måndag til torsdag. .

 

Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta utøver helsefremmande og førebyggande arbeid retta mot elevar.

Tenesta omfattar blant anna:

  • Skulestartundersøking
  • Helseundersøking og rådgjeving/rettleiing med oppfølging/tilvising ved behov.
  • Førebyggande psykososialt arbeid.
  • Oppfølging av elevar med spesielle behov.
  • Samarbeid med skule om tiltak som fremmer godt psykososialt og fysisk lærings- og arbeidsmiljø for elevar.
  • Undervising og bistand i gruppe/klasse/foreldremøter.
  • Deltaking i ansvarsgruppemøter.
  • Samarbeid om habilitering av elevar med spesielle behov, herunder kronisk sjuke og funksjonshemma.
  • Tilbod om foreldreveiledning.
  • Vaksinering av elevar etter anbefalt vaksinasjonsprogram.
  • Helseopplysning
  • Innsatsteam

Kontaktperson for skulehelsetenesta er Kristin Rimehaug Kværna og er tilstade på skula tysdagar, torsdagar og nokre måndagar. Onsdagar på eiget kontor på helsestasjonen.

 

Helsestasjon for ungdom

Vestre Slidre kommune har inga eigen instans for ungdom. Skulehelsetenesta ved Vestre Slidre Skule har eit tilbod til all ungdom opp til 20 år. Helsesjukepleiar kan kontaktast på mobil/sms eller e-post. Det kan avtalast møte på ettermiddagen viss det er naudsynt pga. skulebuss. Ungdom som går på Valdres vidaregåande skule har eigen Helserådgivar. I tillegg har ungdom frå Vestre Slidre som bur på studenthybel i Nord-Aurdal har moglegheit til å nytte Helsestasjon for Ungdom på Fagernes.

 

Vaksinering

Helsestasjons- og skulehelsetenesta har ansvar for at barnevaksinasjonsprogrammet frå 0-16 år gjennomførast. Informasjon om programmet finner du her: https://www.fhi.no/sv/vaksine/barnevaksinasjonsprogrammet/

Slidre legesenter har tilbod om reisevaksinasjon, korona-, influensa- og pneumokokkvaksinasjon. Det vil seia all vaksinasjon utover barnevaksinasjonsprogrammet og gjeld alle som har fastlege på Slidre Legesenter. Øvrige må kontakte legekontoret tilknytta sin fastlege.

Telefonnummer til Slidre Legesenter: 61 34 47 90

ÅPNINGSTIDER: Måndag-fredag: 08.00 - 15.00

Telefontid resepsjon: 08.30 til 11.45 og 12.45 til 15.00

 

Innsatsteam

Lenke til innsatsteam

Kontaktinfo

Kristin Kværna
Helsesjukepleiar
E-post
Telefon 61 34 51 64
Mobil 958 87 594
Guro Dalåker
Helsesjukepleiar
E-post
Telefon 61 34 50 29
Mobil 477 12 906