Innsatsteamet er eit tverrfagleg samansett team med faste deltakarar frå ulike fagområde, med ulik kunnskap og erfaring.
Innsatsteamet består av representant frå:
- Kommunepsykolog
- Helsestasjon/skulehelsetenesta
- Helsestasjonslege
- Psykisk helseteneste
- Skule
- Barnehage
- Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT)
- Barneverntenesta
- Barne- og ungdomspsykiatrien (BUP)
- Ved behov kallast andre samarbeidsinstansar inn.
Barneansvarleg i psykisk helseteneste er leiar for Innsatsteamet.
Foreldre og barn over 16 år kan sjølv søke teamet om hjelp. Barnehage, skule og andre samarbeidsinstansar kan også bistå med søknad. Innsatsteamet har møter siste måndag i kvar månad. Søknad skal leverast minst to veker før møtet.
Søknadar skal sendast til: Innsatsteam ved Psykisk helseteneste, Slidrevegen 16, 2966 Slidre
Saksgang:
- Søknad vert presentert i Innsatsteam.
- Forslag på tiltak drøftast.
- Koordinator og samarbeidande instansar vert valt.
Koordinator tek kontakt med familien for vidare oppfylging.
Søknadsskjema (PDF, 173 kB)