Kvardagsrehabilitering i Vestre Slidre

Har kvardagen vorte meir utfordrande? Har du vanskar med å utføre gjeremål du greidde før?

Kvardagsrehabilitering kan hjelpe deg til å meistre kvardagen igjen!

Kva er kvardagsrehabilitering?

  • Ei førebyggande helseteneste retta mot heimebuande eldre
  • Føremålet er at brukaren skal kunne bu heime lengst mogleg og delta aktivt i eige liv
  • Brukaren skal delta aktivt i rehabiliteringa og jobbe saman ned eit tverrfagleg team for å nå måla sine
  • Rehabiliteringa mot målet skjer i heimen og nærmiljøet til brukaren
  • Tenesta går føre seg i ei intensiv og tidsavgrensa periode

Sjå informasjonsvideo frå heimesjukepleia i Vestre Slidre her:

 

Kven er vi i teamet?

Kvardagsrehabilitering vert drive av eit team beståande av helsefagarbeidarar, omsorgsarbeidar, ergoterapeut og fysioterapeut.

Målgruppe

  • Du som opplev plutseleg eller gradvis fall i funksjonsevne
  • Du som opplev at daglege aktivitetar og gjeremål begynnar å bli eller har blitt ei utfordring
  • Du som skal heim etter innlegging på sjukehus eller korttidsopphald på sjukeheim
  • Du som ber om tenester (heimehjelp, heimesjukepleie, avlasting) for fyrste gong eller opplev auka behov for tenester
  • Du som har behov for hjelpemiddel

Korleis få meir informasjon eller tilbod om tenesta?

Ta kontakt med Tildelingskontoret på tlf 61345027 eller 948 66 123.

Kva kostar tenesta?

Tenesta er gratis.

 

 

 

Kvardagsrehabilitering

Lengst mogleg i eige liv – i eigen heim

Kontaktinfo

Åshild Gjevre
Fysioterapeut
E-post
Mobil 976 17 406
Ida Sparsås
Ergoterapeut
E-post
Mobil 906 26 476
Tildelingskontoret
Telefon 948 66 123