Øvre Valdres psykologteneste

Kommunepsykolog for Øvre Valdres psykologteneste har hovudkontor på Helsestasjonen i Vestre Slidre kommune.

Psykologtenesta er eit lågterskel behandlings- og oppfølgingstilbod. Tilbodet er retta spesielt mot ungdom i alderen 13 – 20 år med rus og psykiske helseproblem og deira familiar. Barn og unge i lågare alder som har vore utsett for vold og overgrep/traumar og/eller med behov for oppfølging for betre gjennomføring av skule og opplæring er også hovudprioritet.

Du treng ikkje henvisning for å ta kontakt. Kontoret har ope for behandling fredager mellom kl. 9 – 15. Tenesta er gratis.

Psykologtenesta har og ansvar for system- og samfunnsretta arbeid, helsefremjande og førebyggande arbeid og rettleiing/fagstøtte til personell/tenester i Vang kommune, Vestre Slidre kommune og Øystre Slidre kommune.
 

Kontaktinfo

Emma Børhus Törmä
Kommunepsykolog
E-post
Mobil 948 63 615