Brukerstyrt personlig assistanse

Brukerstyrt personlig assistanse (BPA) er ein alternativ måte å organisere praktisk bistand og opplæring på for personar med nedsett funksjonsevne. BPA er fyrst og fremst berekna for personar med omfattande bistandsbehov. Det er ei forutsetning at behovet for bistand er så omfattande, eller av ein slik art, at det mest hensiktsmessig kan ivaretakast gjennom brukerstyrt personlig assistanse. Når praktisk bistand og opplæring organiseres som ein BPA- ordning, er det brukaren sjølv, eventuelt med bistand, som organiserer og leiar arbeidet med assistentene. Det er eit krav at arbeidsleiarrolla blir forsvarlig ivaretake.

Målgruppe
Personar med omfattande bistandsbehov til praktisk bistand i heimen, som sjølv kan organisere og leie arbeidet med assistentane. For å ha rett på tenesta må du ha eit hjelpebehov som er av ein slik art at du har rett til nødvendige helse- og omsorgstjenester frå kommunen. All tildeling av tenester blir gjort på bakgrunn av kartlegging av funksjonsnivået (IPLOS), ei tverrfaglig kartlegging, og etter individuell / tverrfaglig vurdering.

BPA-leverandør og arbeidsgiver
Kommunen sjølv, eller private leverandør som kommunen har gjort avtale med, er arbeidsgjevar og leverandør.  Dersom du har eit BPA-vedtak kan du velja å nytte ein av dei BPA-leverandørene kommunen har avtale med.

Organisering av BPA-ordninga
Kommunen skal ha tilbod om BPA. Tilbod om BPA etter helse- og omsorgstjenesteloven  § 3-2 første ledd nr. 6 bokstav b i form av praktisk bistand og opplæring, og organisert som brukerstyrt personlig assistanse etter § 3-8.
Kommunen vurderer om du har rett til BPA etter pasient- og brukerrettighetsloven § 2-1d.

Korleis søkje om BPA
Du kan søkje via kommunen sitt søknadsskjema

Søknaden må væra skriftlig og underteikna av søkjar, eller det må føreligge skriftlig samtykke frå søkjar dersom det er oppnevnt verge/fullmektig.

Kontaktinfo

Turid Kattevold Nordåker
Fagleiar Tildeling- og bustadkontor
E-post
Mobil 94 86 61 23

måndag-fredag

Ninni Larsen
Vernepleiar/sakshandsamar
E-post
Mobil 48 25 14 59

måndag, torsdag, fredag