Hjelpemiddel

Har du nedsett funksjon, gjennomgått operasjon, vore utsett for skade eller sjukdom?

Då kan eit hjelpemiddel hjelpe deg til å meistre kvardagen din.

Korttidslån

Kommunen låner ut hjelpemiddel i ei kortvarig periode, der behovet er akutt eller forbigåande (under to år). Dette gjeld hjelpemiddel som krykkjer, dusjkrakk, manuelle rullestolar, rullatorar, toalettforhøgjerar, terskeleliminatorar, sjukesenger, småhjelpemiddel og andre enkle manuelle hjelpemiddel. Det er ikkje naudsynt med søknad. Utlånet er gratis.

Behov for hjelpemiddel blir alltid kartlagt av ein fagperson i kommunen før du får utlevert hjelpemiddelet.

Hjelpemiddelet blir levert heim til deg, og du får opplæring i bruken av det. Montering, justering og reparasjonar blir gjort av kommunal vaktmeister. Når du ikkje lenger har behov for hjelpemiddelet, vil det bli henta av ein kommunalt tilsett.

Har du spørsmål eller eit kortvarig behov for hjelpemiddel, ta kontakt. 
 

Langtidslån

Hjelpemiddel for varig behov (over to år) blir dekt av fylkeskommunen. NAV Hjelpemiddelsentral i Oppland ligg på Gjøvik. Kravet for å få eit slikt hjelpemiddel er at ein har nedsett funksjon og eit varig behov. Utlånet er gratis.

Det kan søkjast på ulike typar hjelpemiddel ved nedsett gangfunksjon, fare for fall, nedsett syn, høyrsel, hukommelse, forståing av tid, tilrettelegging i heimen, med meir.

Ein grunngjeve, skriftleg søknad blir sendt til hjelpemiddelsentralen. Søknaden er kommunen behjelpeleg med å skrive. Etter vedtak blir hjelpemiddelet levert til kommunen, og vaktmeister køyrer det ut til brukaren.


Høyrselskontakt

Vestre Slidre har ein høyrselskontakt som kan hjelpe deg og søkje hjelpemiddel dersom du har nedsett høyrsel. Du kan få utstyr til TV, dørklukke, brannvarsling, telefon med meir.

Høyrselskontakten har ikkje ansvar for anskaffing, oppfølging eller reparasjon av høyreapparat. Kontakt fastlegen din ved behov for dette.

Hørselskontakt: Hilde Stavenjord
 


Synskontakt

Kommunen har to synskontaktar som kan hjelpe deg og søkje hjelpemiddel dersom du har ein augesjukdom eller nedsett syn. Har du epikrise frå augelege, kan du låne ulike hjelpemiddel for å kunne sjå og lese betre.

Synskontakt: Hilde Stavenjord 

Kontaktinfo

Ellen Sofia Åstrøm
Ergoterapeut
E-post
Mobil 90 62 64 76
Hilde Stavenjord
Hjelpemiddel
E-post