Friluftsliv

Fjell vann og geit - Klikk for stort bilete

Vestre Slidre har mykje skog og fjell og gir god moglegheiter for den som søkjer gode naturopplevingar – i fred og ro i vasskanten, eller i utfordrande liv opp bratte fjellsider.

Vestre Slidre har hatt dei sterkaste tradisjonane i landet for å ta med dyra på stølen (setra) om summaren. Det har sett sitt heilt spesielle preg på landskapet, og gitt oss eit godt utbygd vegnett i fjellet. Dette gir gode tilhøve for tursykling. Om vinteren er det eit omfattande løypenett som blir heldt oppe av Vasetløypene.

Her er gode moglegheiter for jakt og fiske. Stongfiske og småviltjakt er gratis for ungdom t.o.m. 20 år.

Fjellstyret har ei open bu ved fiskevatnet Matkista som står open til fri bruk.

For å hjelpe alle innbyggjarar til å bruke naturen har vi laga BUA. Her kan alle innbyggjarar låne utstyr for å kome i gang med friluftsliv. Ønsker du å låne eller teste ut noko, finn du det meste i BUA Telttur, trugetur, felleski,randonee, snowboard, kano syklar, soveposer.....

Stolpejakt har dei siste åra vore eit populært tiltak for å gi konkrete, overkomelege og spanande turmål.

Turmål

Stolpejakten

Utstyrsbua

Fiskekort

Skiløyper

Outtt – turmål i Valdres

Vestre Slidre fjellstyre

Vestre Slidre jeger og fiskeforening

Bandtvang for hund