På denne sida kan du lese om fritidstilbod som kan vere aktuelle for barn og unge i Vestre Slidre kommune. Har du aktiviteter du ønsker at skal vere med her, ta kontakt med rådgjevar for oppvekst.
Fritidserklæringen
Vestre Slidre kommune har ein eigen fritidserklæring som skal sikre at alle barn og unge har moglegheit for ei aktiv fritid. Kommunen samarbeider med NDFU (nasjonal dugnad mot fattigdom og utenforskap blant barn og unge), og har gjennom ALLEMED- dugnad, både for ungdom og vaksne, hatt ein større prosess der vi har jobba fram idear som skal sikre at at alle er med! Kommunen ser barn og unge som eksperter på eigne liv, og alle elevar i 6-9.klasse har vore deltakande i prosessen. Ungdomsrådet har hatt ei særskilt viktig rolle i dette arbeidet, og har også delteke i kommunestyret for å presentere elevanes tanker og idear. Kommunestyret har bestemt å arbeide spesielt for:
- å samle og annonsere alle fritidsaktiviteter for barn og unge på kommunen sin heimeside, slik at det er lett å finne fram ved bruk av kun ein link.
- å samarbeide med Vaset skiheiser om å få til eit heilskapleg gratistilbod for alle barn og unge i Vestre Slidre kommune.
- å samarbeide med FAU om å få til eit mattilbod og ein «hengeplass» for ungdom i Kulturkafeen i Slidre etter skuletid.
Aktivitet for dei aller minste
Småbarnstreff:
Det blir arrangert småbarnstreff (PDF, 177 kB) kvar veke.
Tema varierer frå sang til symjing.
Aktivitet for barn
"Ut på tur":
Annakvar måndag er det "UT PÅ TUR" for 4. klassingane.
Her kan du lese om ut på tur (PDF, 173 kB) for skuleåret 2021/2022.
Aktivitet for ungdom
Vi har ein eigen ungdomsklubb Løfte.
Ungdomsklubben er open kvar onsdag kl. 18-21.
I ungdomsspalten (PDF, 635 kB) kan du lese meir om aktiviteter som vart arrangert for ungdom skuleåret 2021/2022.
Felles
Det er mange idretts- og treningstilbod i Vestre Slidre.
Friluftsliv er ein viktig del av livet i Vestre Slidre. For å hjelpe alle innbyggjarar til å bruke naturen har vi laga BUA. Her kan du låne turutstyr. Vi har til dømes telt, fiskeutstyr, sykler og ski. Bua er open torsdagar kl. Kl 15.30- 17.30.
Sist endra 12.11.2024 14.10