Retningslinjer for Fritidskasse i Vestre Slidre
Frist for å søkje
Tilskotet frå Bufdir gjeld for 2025. Søknadene blir behandla fortløpande, så lenge midlane rekk kvart år.
Kort om tilskotet
Formålet med tilskotet er å leggje til rette for at alle barn og unge skal ha moglegheit til meistring og deltaking i ei meiningsfull fritid. Tilskotet går frå ein lokal fritidskasse som bidreg til å dekkje kostnader knytt til deltaking i organiserte fritidsaktivitetar.
Målgruppe
Barn og unge i alderen 6–16 år som av ulike grunnar står i fare for å hamne utanfor fellesskapet.
Kva kan det søkjast om
- Deltakaravgift i kultur- og idrettsforeiningar for inntil eitt kalenderår (klubbavgift, treningsavgift).
- Reise til/frå og deltakarkontingent for kultur- og idrettsarrangement (cup-/turneringsavgift).
- Nødvendig utstyr og klede.
Det blir dekka utgifter for inntil 3000 kroner per barn/ungdom i året.
Kriterium for å søkje
- Barnet/ungdommen er folkeregistrert i Vestre Slidre kommune.
- Barnet/ungdommen bur i ein familie med låg inntekt som ikkje sjølv har høve til å dekkje utgiftene til fritidsaktivitet.
- Gjelder barn, ungdom frå 6-16 år.
- Aktiviteten det blir søkt om tilskot til, er ein organisert fritidsaktivitet.
- Det kan søkjast om éin organisert fritidsaktivitet per barn per år.
- Søknaden gjeld eit konkret barn/ungdom.
Kven kan søkje
Ein kontaktperson frå laget/foreninga kan søkje om støtte på vegner av barnet eller ungdommen det gjeld.
Privatpersonar kan ikkje søkje sjølve. Søknaden skal ikkje innehalde personlege opplysningar.
Slik søkjer du
Søknadsskjema Fritidskasse Vestre Slidre Det aktuelle laget/ foreininga fyller ut skjemaet.
Det må leggjast ved dokumentasjon for utgiftene i søknaden. For utstyr er det til dømes tilstrekkeleg med skjermdump frå ei nettside som viser pris. For deltakaravgift vil skriftleg stadfesting frå aktuell organisasjon/lag/foreining vere tilstrekkeleg. For støtte til deltaking på cup/turnering/treningsopphald, vil ei invitasjon som viser kostnad vere tilstrekkeleg.
Oversikta over godkjend dokumentasjon er ikkje uttømmande, og det er sakshandsamar i Vestre Slidre kommune som vurderer om dokumentasjonen er tilstrekkeleg.
Etter du har sendt søknaden
Sakshandsamar i Vestre Slidre kommune gjer ei skjønnsmessig vurdering basert på innsend dokumentasjon og innanfor dei rammene som er fastsette.
Sakshandsamar i Vestre Slidre kommune står fritt til å godkjenne eller avslå heile eller delar av søknaden på objektivt grunnlag.
Svar på søknaden
Svar blir sendt til ansvarleg søkjar så snart søknaden er behandla.
Utbetaling
Organisasjonar/lag/foreiningar får utbetalt fortløpande etter søknad.
Klage
Du kan klage dersom du har fått avslag på søknaden. Send klaga på e-post til post@vestre-slidre.kommune.no seinast tre veker etter at du har motteke vedtaket om avslag. Det er viktig at klaga ikkje inneheld personlege opplysningar.
Kontaktinformasjon
Torill Trøen, leiar for kultur og frivilligheit
e-post: torill.troen@vestre-slidre.kommune.no
Ingrid Aaberg, rådgivar oppvekst
e-post: ingrid.overholt.aaberg@vestre-slidre.kommune.no