Lyst til å vera frivillig?

Har du lyst til å vera frivillig?

Frivillig arbeid er sosialt og meiningsfullt og bidreg til mange gode møteplassar for innbyggjarane i kommunen.

Kor mykje tid du vil bruke og kva du ynskjer å bidra med, bestemmer du sjølv.

Frivillig arbeid passar for deg som:

  • Ynskjer å fylle kvardagen din med positive møte mellom mennesker
  • Har litt tid til overs og har lyst til å bruke fritida di til å hjelpe andre
  • Er ung, arbeidstakar, arbeidsøkjar eller pensjonist

 

Eksempel på oppgåver kan vera:

  • Hjelpe til på våre faste aktivitetar
  • Vere turven/besøksven
  • Praktiske oppgåver som; snømåking, hagestell, handling eller liknande.
  • Halde kurs, starte ei sjølvhjelpsgruppe.
  • Rådgjevingteneste – har du eit yrke eller ein hobby som kan være interessant for andre?
  • Leksehjelp, reservebesteforeldre/barnevakt og mykje, mykje meir.

 

Vil du melde deg som frivillig, eller kanskje du vil veta litt meir?
Kom gjerne på besøk til oss.