Kulturskulen - elevkontigent pr. semester
Om ein får tilbod om plass og takkar ja til denne, så er dette – om det ikkje på førehand er gjort avtale om noko anna – bindande for heile skuleåret. Faktura blir sendt ut to gonger i året for å dele opp kostnaden.
Kulturskulen skal vere eit tilbod til flest mogleg. Derfor har vi rabattordningar for søsken og for familiar med låg inntekt.
Søskenmoderasjon:
For husstandar med fleire born i kulturskulen vert det gjeve søskenmoderasjon pr. born meir enn eit. Det blir gjeve søskenmoderasjon til eit tilbod pr. elev.
Friplass/redusert betaling:
Ein kan søke om friplass/redusert betaling på dette søknadsskjema.
Friplass/redusert betaling blir vurdert på bakgrunn av inntekt. Intekt skal dokumentaeras med skatteoppgjer (ikkje sjølvmelding/skattemelding). Eventuelle endringar i situasjonen etter dette skal dokumenterast.
Som husstand reknast ektefellar, registrerte partnarar og sambuarar.
Ordninga gjeld for elevar som er 18 år eller yngre det kalenderåret undervisningsåret startar.
Satsane nedanfor er under revidering. Nye satsar vil vere klare før sumarferien 2023.
- Det kan i utgangspunktet søkast friplass/redusert betaling for eit tilbod pr. elev.
- Friplass blir gitt til husstandar med brutto inntekt under kr. 420.000,-
- Friplass blir vurdert for husstandar med brutto inntekt under kr. 470.000,-
- Det kan vurderast å gje reduksjon i betalinga med 50%. for husstandar med brutto inntekt under kr. 520.000,-
- Søknadane blir vurdert etter skjøn der inntekt, tal på familiemedlemmer og ev. andre relevante forhold reknast med.
- Det må søkast om friplass for eit og eit skuleår (ved innvilga friplass for vårsemester, må det søkast på nytt til hausten).
- Det er ynskjeleg at søknad om friplass kjem samtidig som søknad om elevplass, men kulturskulen tek imot søknadar om friplass fram til 15. september (for skuleåret) og 1. mars (for vårsemesteret). Dersom avklaring om friplass er ein føresetnad for om ein kan takke ja eller nei til plassen, ver venlege å gi beskjed om dette.
- Har du spørsmål, ta kontakt med kulturskulen tlf. 41 33 54 96, eller gudbrand.heiene@vestre-slidre.kommune.no.