Reglar for elevar ved Vestre Slidre kulturskule

  1. Ein søknad om plass i kulturskulen skal vere elektronisk/skriftleg. Ein søkjer om plass for heile skuleåret. Utmelding skal skje gjennom søknadsportalen eller direkte til kulturskulens administrasjon. Utmelding er ikkje ein sak mellom elev og lærar.
  2. Rektor i samråd med kommunalsjef for oppvekst og integrering tek opp elevar. Anke på opptak blir behandla i formannskapet.
  3. Alle som får undervisning må vere villige til å møte førebudd og presis til timane. Undervisninga kan variere mellom individuelle timar (i utgangspunktet 22,5 min. pr. elev), gruppebasert undervisning, prosjekter eller framsyninger/ konserter. Føresette kan med fordel vere med i timane for å hjelpe elevane.
  4. Fråvere skal så snart som råd meldast til lærar eller rektor. Skulen gjev ikkje tilbake timar dersom eleven ikkje har møtt til timen sin. Dersom eleven misser meir enn 2 undervisningstimar pr. halvår der skulen ikkje klarer å skaffe vikar eller på anna måte kan gje eit tilfredsstillande alternativt opplegg, kan eleven få redusert semesteravgift.
  5. Ved stadig fråvere utan melding, manglande interesse eller innsats, og av disiplinære grunnar, kan kulturskulen etter tilråding frå rektor og i samråd med lærar, nekte eleven undervisning. Dei føresette skal vere varsla på førehand, og kan anke avgjerda.
  6. Når ein tek imot ein plass i kulturskulen er dette – om ikkje anna er avtala på førehand – i utgangspunktet bindande for heile skuleåret. Det blir fakturert to gonger i året for å dele opp kostnaden.
  7. Elevane må kjøpe noter og anna materiell sjølve. Unnateke er materiell til kunstfag, tresløyd og kornoter.