Kulturmidler, støtteordningar og legat

Kommunen deler kvart år ut kulturmidlar og handsamar søknadar til spelemiddelordninga. Begge ordningane er underlagt eigne fristar. Du finn meir om ordningane om du trykkjer på knappane ovanfor.

Her kan du søke tilskot til kulturformål frå fylkeskommunen: 
https://innlandetfylke.no/tjenester/sok-tilskudd/

AKTUELT

 

Offentlege instansar, frivillige organisasjonar og private aktørar kan no søke
Tilskudd til inkludering av barn og unge 2023

Søknadsfrist: 18.11.2022

Mål:
Målet med tilskotsordninga er å legge til rette for at alle barn og unge skal ha moglegheit til meistring og samfunnsdeltaking. Tilskotsordninga skal bidra til utvikling av opne møteplassar, deltaking på ferie- og fritidsaktivitet og fullføring av utdanningsløp.

Målgruppe: 
Barn og unge frå 0 til og med 24 år som står i fare for å havne i utenforskap.

Dette kan du søke om:
Du kan søke støtte til ulike aktivitetstyper som til dømes kultur-, fritids- og ferieaktivitet. Eller du kan søke støtte til utstyrssentral mm. Tilskot kan søkast om inntil ein treårsperiode.

Her kan du finne meir informasjon om tilskotsordninga:
https://ny.bufdir.no/tilskudd/inkludering-av-barn-og-unge/

Slik søker du:
Søknadsskjema finn du i Bufdirs søknadsportal for tilskudd:
https://soknadsportal.bufdir.no/#home/informasjon
Søknadsskjema finn du under fanen «Utlysninger». Du vel «Tilskudd til inkludering av barn og unge 2023». Kva for søknadsskjema du skal nytte vil vere avhengig av kven du er som representant og kva du du skal søke tilskot til. Offentlege og private aktørar som søker midler må forplikte seg til å stille med eigenfinansiering lik 20% av tilskotsbeløpet per år. Frivillige organisasjoner forplikter seg til å stille med eigenfinansiering lik 5% av tilskotsbeløpet per år. NB! Det er viktig at de set dykk godt inn i veilederen før de søker: https://ny.bufdir.no/siteassets/tilskudd/inkludering-av-barn-og-unge/Veileder_til_forskrift_2023/

Slik blir søknaden behandla:
Kommunen rangerer søknader frå andre aktørar einn dei kommunale søkarane. Ungdomsrådet får moglegheit til å uttale seg om rangeringa. Rangering av søknader blir beslutta på politisk eller administrativt nivå. Bufdir gjer den endelege tildelinga. Forventa saksbehandlingstid vil bli publisert i løpet av januar 2023.

Dersom du treng hjelp i søknadsprosessen kan du kontakte rådgjevar for oppvekst:
marianne.b.mikalsen@vestre-slidre.kommune.no