Kyrkja i Vestre Slidre

tegning - Klikk for stort bilete Presten år er Ola Døhl. Han er utdanna ved Det teologiske menighetsfakultet, og bur i prestegarden i Slidre med kona Cecilie og to små barn.

Ola liker spenstige former og kommuniserer godt med alle aldersgrupper. I desember har han og Cecilie digert utejuletre med 2000 lys og arrangerer julemarked i hagen. I juni huser dei menighetens ungdomsleir i den same hagen, med same lavoen -som dei har kjøpt fordi dei er glad i å ha liv i hagen sin.

 

 

Kyrkjeleg fellesråd

Det er Kyrkjeleg fellesråd som er ansvarleg for drift av kyrkja og kyrkjene. tegning - Klikk for stort bilete Kyrkjeverje og dagleg leiar for Kyrkjeleg fellesråd er Veslemøy Kvamme. Ho har ein allsidig bakgrunn mellom anna som lærar og butikkeigar før ho tok til som kyrkjeverje i 2017

Hovedoppgåver for Kyrkjeleg fellesråd:

  • Drift og vedlikehald av kyrkjer og bygningar tilknytta KFR
  • Drift og forvaltning av kyrkjegardar
  • Oppretting og nedlegging av stillingar hjå fellesrådet.
  • Drifte kyrkjekontoret

Opningstider sumaren 2018 (fram til 13. aug): man-fred 10-14

Seremoniar

Dåp
Meld frå i god tid til soknepresten så ein kan avtale tid for dåp og dåpssamtale.

Vigsel
Folkeregisteret godkjenner vilkåra for ekteskap. Vigselpapira kan hentast der.
For kyrkjeleg vigsel: Meld frå i god tid til soknepresten slik at ein kan avtale tidspunkt og vigselsamtale.
Kommunen tilbyr også borgarleg vigsel.

For musikk: Ta kontakt med organisten.

Gravferd
Ta kontakt med soknepresten eller gravferdsbyrået.

Kontaktinfo

Ola Døhl
Sokneprest
E-post
Telefon 61 34 50 52
Mobil 481 32 050

Adresse

Kyrkjekontoret
Slidrevegen 18
2966 Slidre