Søke om kulturmidlar

Kommunen delar ut ein del midlar til kulturformål kvart år.

Søknadsfristen er 1. april

Kommunestyret har i 2006 gitt desse retningslinene for kva kulturmidlane skal stø:

- Lag og organisasjonar innanfor eigen kommune
- Aktivitetar for barn og unge
- Integrerande, miljøskapande, rusfri og haldningsskapande verksemd
- Ungdom som vil vidareutvikle seg innafor eige område
- Utoverretta aktivitet til glede for bygda og fellesskapet

Det er i same sak presisert at ein i hovudsak ynskjer å støtte aktivitetar til barn og unge innan eigen kommune.

Lag og organisasjonar som søkjer må også sende årsmelding for i fjor, regnskap for i fjor, årsplan for i år og budsjett for i år på e-post til post@vestre-slidre.kommune.no eller som papirpost til Vestre Slidre kommune, Slidrevegen 16, 2966 Slidre. Merk sendinga  "Vedlegg til søknad om kulturmidlar frå... (namn på søkjar)" 

 

Kontaktinfo

Gudbrand Heiene
Rektor i kulturskulen
E-post
Telefon 61 34 51 12
Mobil 413 35 496