Ungdomsklubben Løfte

Ungdomsklubben har fått nye lokaler i bankbygget i Slidre. Ungdomsklubben har filmrom, gamingrom, danserom og fellesrom med forskjellige spel og sittegrupper.

Følg med på ungdomsklubbens facebookside for oppdateringar: https://www.facebook.com/groups/497131390848633/  

Ungdomsarbeidaren, i samarbeid med Ungdomsrådet, jobbar for eit godt og inkluderande fellesskap i eit rusfritt miljø. Vi har utstyr for ulike ballspel, dart, biljard, air-hockey, kortspel, playstation. Kiosk med sal av brus, pizza og godteri. Vi arrangerar og temakveldar i blant. Klubben er open for ungdommar frå 8. klasse til 2. vgs.

 

Katrine Opheim er ungdomsarbeider i kommunen. Ho er utdanna barnevernspedagog, og har eit stort hjarte for alle ungdommar i bygda. I kombinasjon med stillinga, er ho også sosialpedagogisk rådgjevar på Vestre Slidre skule.