Utstyrsbua

 

Friluftsliv er ein viktig del av livet i Vestre Slidre. For å hjelpe alle innbyggjarar til å bruke naturen har vi laga «Utstyrsbua».

Her kan alle innbyggjarar låne utstyr for å kome i gang, eller om ein av andre grunnar ønsker å låne eller teste ut noko.

Vil du på telttur med familien, så kan du låne telt (superlett lavvo), liggeunderlag, soveposer (med vaskbar lakenpose), primus, kjelesett, fiskesaker og store ryggsekkar i Utstyrsbua.

Eller er du i tvil om dei neste skia dine skal vere felleski. Då kan du låne av oss.

Eller kanskje har du rett og slett ikkje råd til ny sykkel akkurat no. Då kan du låne ein i utstyrsbua.

 

 

 

Utstyrssentralen til Vestre Slidre Frivilligsentral er lokalisert under Bergtun omsorgsboligar, rett vis a vis Frivilligsentralens lokalar i Tunvegen 17. - Klikk for stort bileteUtstyrssentralen til Vestre Slidre Frivilligsentral er lokalisert under Bergtun omsorgsboligar, rett vis a vis Frivilligsentralens lokalar i Tunvegen 17.

 

Utstyret vi har her kan lånast og brukast av alle som ynskjer det med bustad- eller hytte, i Vestre Slidre.

 

Kontaktinfo

Lise Kopperud
Leiar for frivilligsentralen
E-post
Telefon 61 34 51 70
Mobil 915 98 885

Åpningstider

Mån-, ons- og fredag: kl. 09.00 - 14.30

Utlån frå utstyrsbua:
Anna tidspunkt kan avtalast

Adresse

Vestre Slidre frivilligsentral
Tunvegen 17
2966 Slidre