Næringsliv i Vestre Slidre

Landbruket står sterkt i Vestre Slidre - Klikk for stort bileteLandbruket står sterkt i Vestre Slidre Vestre Slidre kommune er mykje meir allsidig enn berre natur- og kulturhistorie. Landbruket står sterkt i kommunen, men mange av bøndene har fleire bein å stå på. Småskala produksjon og reiseliv har stor betydning.

Landbruk og småskala-produsentar

Vestre Slidre kommune er mykje meir allsidig enn berre natur- og kulturhistorie. Landbruket står framleis sterkt i kommunen, men mange av bøndene har fleire bein å stå på. Småskala produksjon og reiseliv har stor betydning. Møbelsnikkarar, treskjerarar, biletkunstnarar, rakfiskprodusentar og byggevarer utgjer ein sentral del av næringsverksemda. Dette er med på å skape eit miljø som gjer kommunen interessant, både som reiselivsmål og lokalmiljø for dei fastbuande.

Sagbrukhistoria

Sagbrukshistoria ved Fosheimsfossen  går tilbake til 1860 da familien Fosheim startet opp med sagbruksdrift ved fossen mellom Feresfjorden og Strandefjorden i Vestre Slidre. Sag og høvleriet vart den gang drive av vannkraft. Dette danna grunnlaget for det som seinare vart næringsmiljøet i Røn som no omfattar mellom anna byggevarer og trelast, ysteridrift, landbruksmaskiner, kjøttforedling, byggefirma og butikksenter.

Satsing på reiseliv

Reiselivet står sterkt i kommunen, og det vert satsa mykje i Vaset-området no om dagen. Vestre Slidre har omlag 2000 hytter, noko som er med å styrke dei eksisterande reiselivsbedriftene, men det er rom for fleire.

For etablerarar og næringsdrivande kan kommunen tilby:

  • Tilgang på industriareal både i Lomen og i Rogndokken
  • Tilgang på areal for utvikling av turisme, spesielt på Vaset
  • Gode kommunikasjonsmoglegheiter (E16)
  • 20-25 kilometer til regionsenteret Fagernes
  • Kommunalt næringsfond som vert nytta til etablering og utvikling av næringslivet
  • Politisk vilje for tilrettelegging av arbeidsplassar, mellom anna gjennom investeringar i infrastruktur
  • Visit Valdres, som jobbar for reiselivet i V. Slidre og Valdres
  • Samarbeid med Valdres Næringshage

Kontaktinfo

Terje Karlsen
Avdelingsleiar - forvaltning
E-post
Telefon 61 34 50 99