Omsetningsavgift - rapportering av alkoholomsetning

Alle som har fast/alminnelig sals- eller skjenkeløyve skal kvart år betale eit gebyr til kommunen. Gebyret vert berekna ut i frå ei forventa omsetning av alkohol og det vert samstundes gjort ei avrekning i forhold til faktisk omsetning frå året før.

Omsetningsrapporten

Omsetningsrapport for alkohol skal sendast inn til kommunen innan

  • 1. mars

Dersom behov kan fristen forlengast, etter avtale med kommunen. Manglande levering av omsetningsrapport innan fristen, og utan avtale om forlenga frist, medfører prikkbelastning à to prikkar.

Omsetningsrapporten MÅ vere signert av ekstern revisor eller ha vedlagt omsetningsrapport frå leverandør av alkoholvaren.

Minstegebyr 2017

Sals- og skjenkeløyva har følgjande minstegebyr:

  • Salsløyve – kr. 1570
  • Skjenkeløyve inkl. alminneleg løyve for eit enkelt høve – kr. 4900
  • Ambulerande skjenkeløyve – kr. 350

Gebyra er fastsett i § 6-2 i forskrift om omsetning av alkoholholdig drikk.