Etablererprøve for serveringsstad

Det vert kravd kunnskap om økonomistyring og relevante reglar, som serveringslova, skatte- og avgiftslova, regnskapslova, konkurslova, arbeidsmiljølova og alkohollova.

Pensum til etablerarprøva finn de i eit kompendium som kan kjøpast hjå vinn.no

Prøvetida er 90 minutt og vert halden på Fjell rådhus. Det er ingen avgrensingar i kor mange gongar du kan ta prøva. Tillate hjelpemidlar er lovsamlingar.

Vestre Slidre kommune har ingen faste prøvetidspunkt. Ønskjer du å ta prøva, tek du kontakt med kommunen på telefon eller epost for å avtala tid.

Pris: kr. 300,-

NB! Du må ha betalt gebyret før prøvetaking, og ha med gyldig legitimasjon.