Skjenkeløyve

Skjenkeløyve

For å kunne servera alkohol må du som hovudregel ha eit skjenkeløyve. Det finst to type løyve; faste/alminneleg løyve og løyve (ambulerande) for enkelt arrangement.

Faste/alminnelige skjenkeløyve

Denne løyvetypen gjeld for ulike serveringsstadar som vil selja alkohol til sine gjestar. For å få innvilga skjenkeløyve, må følgjande krav vera innfridd:

Det må utpeikast èin styrar og èin avløysar over 20 år, som må vera tilsett ved staden eller arbeida der i kraft av si eigarstilling. Styrar og avløysar må ha bestått ein kunnskapsprøve. Eigarar, styrar og avløysar må ha uklanderleg vandel i samsvar med alkohollova.

Saksbehandlingstida

Saksbehandlingstida er inntil tre månader frå vi har motteke alle nødvendige opplysningar og dokument. Tida kan forlengast med èin månad dersom forhold gjer det nødvendig.

Søk om skjenkeløyve

Løyve for enkelt arrangement (opne og lukka)

Det kan søkjast om skjenkeløyve for enkeltarrangement som til dømes konsertar, festivalar, ulike type festarrangement for firma, lag, organisasjonar og privatpersonar. Nokre type arrangement er ikkje løyvepliktige. Dersom tvil om løyveplikt eller løyvetype, er det kommunen som har avgjerdsrett. Ta kontakt med kommunen for rettleiing.

Søknadsfristar

  • Lukka arrangement/ambulerande skjenkeløyve – 2 veker
  • Ope arrangement/enkelt høve – 4 veker
  • Større arrangement t.d. festivalar – minst 8 veker

Prisar 2018

  • Ambulerande skjenkeløyve/lukka arrangement – kr. 350
  • Ope arrangement/enkelt høve – Inntil kr. 4900

Søk om skjenkeløyve for enkelt arrangement

Skjenketider

  • Alkoholgr. 1 og 2 (øl, rusbrus, vin) frå 08.00 til 02.00 alle dagar
  • Alkoholgr. 3 (sprit) frå 13.00 til kl. 02.00 alle dagar