Godkjenning av reguleringsplan for E16 Rønsvegen-Kongevegen

I møte i kommunestyret den 23.04.2020 (sak KS-27/20) ble det med heimel i plan- og bygningslova § 12-12 fatta følgjande vedtak:

Vestre Slidre kommune eigengodkjenner fremlagt reguleringsplan for E16 Rønsvegen

Kongevegen, jfr plan - og bygningslova § 12 -12.

Kommunen fortutset at undergang ved Fosheimskryssset med tilhøyrande gangveg blir lagt inn i plankartet og ser det som heilt nødvendig at undergang blir bygd i samband med prosjektet. Kommunestyret meiner det er naturleg at Statens vegvesen tek kostnaden ved dette. SVV står for grunnerverv for alt innanfor planområdet. Vestre Slidre kommunestyre ser det som tenleg om gang og sykkelveg innanfor planområde kan utførast samtidig med prosjektet og ynskjer at Vestre Slidre kommune og SVV/entreprenør inngår forhandling om kommunalt bidrag, for å kunne realisere dette samstundes. Den kommunale kostnaden og omfanget med gang og sykkelveg må seinare realitetsbehandlast i kommunestyret.     

Når det gjeld plassering av gangveg med tilhøyrande kulvert vert dette ettersendt/lagt inn på kommunalt webkart i ettertid. Planskildring syner kvar gangveg/kulvert er tenkt.

 

Endelig plankart med vedlegg vert lagt ut på www.vestre-slidre.kommune.no samt på www.valdreskart.no