Informasjon om feiing og tilsyn av fritidsbustader og støler i Vestre Slidre

Forebyggende forskrift

I 2016 kom ei ny Forskrift om brannforebygging som omhandlar feiing og tilsyn av alle bustader, fritidsbustader og støler. 

Gebyr
Alle blir fakturert eit årleg tilsyns- og feiegebyr. Tilsyn og feiing vil ikkje bli gjennomført kvart år, men behovsprøvd i forhold til bruk og tilstand i skorsteinen og fyringsanlegg. 

Feiing og tilsyn

Det viktigaste førebyggjande tiltaket til fritidsbustader og støler, er tilsynet som utføres. Ved eit tilsyn blir det undersøkt at skorstein og ildsted er i tilfredsstillande stand og at alt er forskriftsmessig montert. Feiing blir utført ved behov. Eier eller representant må vere til stades da feieren er avhengig av å komme inn for å gjennomføre tilsynet. 

Du vil motta SMS frå feiaren når det er tid for feiing/tilsyn hos deg
Du vil få en SMS frå "Feiaren" som er ditt brannvesen når det er tid for å utføre feiing/tilsyn på bustad/fritidsbustad/støl. SMS-varslinga starter alltid med følgjande tekst: https://q.norkart.no/xxxxx. (Du kan også logge deg inn via heimesida www.valdresbrannvesen.no og trykk på Min Eiendom.)

Ofte stilte spørsmål til forskrift om brannforebygging

Ved spørsmål om feiing og tilsyn, kontakt feier Roger Tveit i Valdres Brann- og Redningstjeneste IKS, telefon 91 63 77 11.

Kontaktinfo

Kjell Ivar Haugen
Feierformann
E-post
Telefon 908 56 810