Avløpsordninga

Teknisk avdeling har eigar- og driftsansvar for dei kommunale avløpsreinseanlegga. Dette er Røn reinseanlegg, Vaset reinseanlegg, Lomen avløpsanlegg og avløpsanlegget for industriområdet i Lomen. Avløpsreinsinga i Vestre Slidre kommune er full-finansiert gjennom gebyr.

Ved overløp på avløpsnettet samt vasslekkasjar og brot i vassforsyninga kan dette varslast på vakttelefon 61 34 41 47. Ved driftsproblema på private leidningar må røyrleggarfirma kontaktast.Avløpsreinsinga i Vestre Slidre kommune er fullt ut finansiert gjennom gebyr.

Som avløpsabonnent hjå Vestre Slidre kommune er du sikra at avløpsvatnet vert leia bort på ein hygienisk trygg måte, og at kommunen driv avløpsanlegga i tråd med gjeldande utsleppsløyve.

Den enkelte abonnent har ansvar for å halda eigne stikkleidningar i orden, og skal også sjå til at det ikkje kjem miljøfarleg avfall eller anna stoff i leidningsnettet som kan hindra ei effektiv reinsing i samsvar med gjeldande miljøkrav.

Kontaktinfo

Sigurd Aune Flatmo
Leiar for vann og avløp
E-post
Telefon 61 34 50 20