Prosjekt Ålfjell

20.09.2021. Oppdatering.                

Det har gått laaang tid sidan denne sida er oppdatert, og hovedgrunnen er den usikkerheiten som vi har levd med i lang tid, mht. leveranser, primært pumpestasjonar, høgdebasseng osv. Men også røyr, og røyrdelar som Valdres Energi treng til sitt prosjekt, har vist seg å vera utfordrande å få tak i, i perioder. Noko informasjon har gått ut via Ålfjell Vel sine ‘kanalar’, så heilt stille om framdrift har det ikkje vært likevel! Vi har nå kontroll på leveranser av det som skal ned i bakken, så vi begynner endeleg å sjå slutten på prosjektet! MEN det står fortsatt att mykje arbeid, og vi er også avhengige av eksterne leverandørar for å få sett i drift vass-sida. Det er mange brikker som skal på plass før anlegget er i drift, men målsettingen er å få dette til i løpet av oktober. Men uansett så må alle vente med å ta noko av nettet i bruk til de får beskjed om at alt er driftsklart!

Vi hadde ei episode for kort tid sidan, då det kom for ein dag at nokon alt hadde teke avløpsledningen i bruk. Det var ein lite triveleg opplevelse for entreprenøren som erfarte dette! Minner om det som stod i forrige oppdatering om akkurat dette temaet:

Det har frå enkelte hytteeigarar kome spørsmål om å kunne ta i bruk avløpsnettet så fort dette er klart. Det blir nok ikkje aktuelt, då heile anlegget skal vera ferdigstilt og tatt over av kommunen, før noko av  ledningsnettet blir sett i drift. Dette har bl.a. med garantiar og driftsansvar å gjere. Er det spørsmål om tilkopling, eller andre forhold vedr. prosjektet, så ta primært kontakt med Vestre Slidre kommune (ved prosjektleiar Magne Presthegge), i staden for å ta dette med BM.

Vi kjem ikkje til å bruke store ressursar på å finne ut kven som har ‘gitt sitt bidrag’ her, men det blir interessant å sjå om vi ser ‘spor’ når avløpsledningen skal kamerakjørast. Om vi følgjer dette opp vidare kjem an på om vi må spyle/’vaske’ ledningsnettet som er brukt før vi kan konkludere med at ledningen er feilfri før den blir overlevert til kommunen.

Så til ei viktig presisering vedr. tilkopling av vatn:

Alle som har søkt om oppretting av sanitærabonnenment, har sammen med svaret/tillatelsen fått med ein del vedlegg. Det er ikkje sikkert at alle har lest desse så godt, så vi tek her opp att deler av innhaldet som gjeld ‘Leveringsvilkår-vann’:

KOMMUNENS FORPLIKTELSER

Trykk

Ved en normal driftssituasjon skal vanntrykket ved tilknytningspunktet til kommunal ledning være mellom 2 og 9 bar. (Trykk over 6 bar kan ødelegge husinstallasjoner, se Abonnentens forpliktelser).

ABONNENTENS FORPLIKTELSER (3. kulepunkt)

· Sikre at innvendige installasjoner (husapparater og sanitæranlegg) blir dimensjonert og valgt basert på vannkvalitet, driftstrykk og trykkvariasjoner som er på kommunens vannledning. Dersom det er fare for at trykket er større enn 6 bar må du sikre dine innvendige installasjoner ved bruk av reduksjonsventil.

I VA-kartet for trinn 2, som ligg inne på informasjonsida for ‘Prosjekt Ålfjell’ på heimesida til V. Slidre kommune, så er det fleire høgdekoter som er markert med raud farge. Hytter som ligg rett på oversida av desse kotene (845, 880, 950 og 1010 moh.), må vera oppmersom på at vass-trykket ved tilkoplingspunktet kan vera høgare enn 6 bar. Dette gjeld spesielt ned mot kote 950 og 880, der trykket inn på redusjonsventilen er ca. 9 bar. For ein del av hyttene i desse områda vil det vera behov for montering av private reduksjonsventilar for å sikre utstyr. Kfr. med rørlegger i forbindelse med tilkobling av vatnet, når det er klart for det.

 

22.02.2021. Oppdatering.
    
Siste oppdatering for VA-prosjektet var i forbindelse med haustferien 2020, hovedgrunnen til at det først nå kjem oppdatert informasjon, er primært at det ikkje har vore så mykje nytt å melde om i mellomtida. Viser også til informasjonen som vi la ut i slutten av september 2020, der vi var innom fleire tema. Hausten og vinteren så langt har gått med til å ferdigstille siste strekk med VA-gøfter lengst oppe i området. Etter at hausten var mild, langt inn i mot jul, så dukka det fort opp div. problemer når kuldegrader og frost sette inn for alvor. Bergheim Maskin (BM) har brukt ganske mykje tid på private vannledninger, både med tining og reparasjon av skader som følgje av gravearbeidet, men også med å ‘improvisere’ vassforsyning til nokre som har mista vatnet pga. at brønner har blitt tørre etter at det er sprengt grøft rett ved sida av. Vi håper at dette skal gå bra resten av vinteren, men det er fortsatt lenge til ‘faren er over’ mht. frost.

Som vi var innom i september, så var det då uvisst når tekniske anlegg (pumpestasjonar, høgdebasseng) kunne bli levert. Vi har etter kvart fått på plass ein framdriftsplan frå leverandøren (Xylem). I tillegg til sjølve leveransen av utstyr, så inkluderer oppdraget også detaljprosjektering av dei enkelte punkt. Dette må koordinerast med prosjekterande av ledningsnettet for øvrig, så alt dette tek tid.
Ut frå gjeldande framdriftsplan, så vil montering starte etter påske, og målet er at alle tekniske anlegg er i drift til ferien. Dette forutset bl.a. att alt ledningsnett og kumpunkt er trykkprøvd, desinfisert osv. til den tid. Og sist, men ikkje minst, så må ny straumforsyning, inkludert ny trafo, vera på plass i sving 7 i god. Dette siste er Valdres Energi sitt ansvar, men det å få på plass nødvendige avtaler for å få dette til, har vist seg å vera meir utfordrande enn først antatt. 

Det har frå enkelte hytteeigarar kome spørsmål om å kunne ta i bruk avløpsnettet så fort dette er klart. Det blir nok ikkje aktuelt, då heile anlegget skal vera ferdigstilt og tatt over av kommunen, før noko av  ledningsnettet blir sett i drift. Dette har bl.a. med garantiar og driftsansvar å gjere. Er det spørsmål om tilkopling, eller andre forhold vedr. prosjektet, så ta primært kontakt med Vestre Slidre kommune (ved prosjektleiar Magne Presthegge), i staden for å ta dette med BM. Men spørsmål rundt avtaler om graving av privat stikkledning, og eventuelle andre avtaler som er gjort direkte med BM, må sjølvsagt dei svare på sjølve.
 

Oppdatering 1. oktober 2020:

Det gått lang tid sidan sist denne sida vart oppdatert. Hovedgrunnen er den at arbeidet i vår  og sommar har gått utan dei store problemene, og entreprenøren (Bergheim Maskin AS - hertetter BM) har sjølv gjennom dialog med involverte hytteeigarar ordna opp i dei fleste utforringane som har dukka opp. Dette inkluderer også midlertidig omkjøringsveg før sving 9, der det har vært mykje graving i og langs Ålfjellvegen.

Vidare arbeid på VA-prosjektet utover hausten, vil no primært foregå ovanfor Ålfjellvegen 199, der overgangen mot Vasetfjellvegen er. Dette gjer at det er få muligheiter for å få til omkjøring rundt der gravearbeidet pågår. Så i vekedagane vil det nok vera perioder der det er vanskeleg/umuleg å kunne kjøre til og frå hyttene lenger opp. Ha gjerne dialog med BM om dette, slik at vi i alle fall unngår at nokon blir stengt inne på hytta. Dette gjeld spesielt dei som planlegg å reise heim frå hytta på vekedagar.

Når det kjem til ferdigstilling av trinn 2, så kan vi dessverre ikkje seie så mykje konkret om det foreløpig. Med tilsvarande leveringstid som vi har hatt på pumpestasjonar o.l. tidlegare, så meinte vi at priskonkurransen på tekniske anlegg vart avvikla tidleg nok (før sommaren). Men med kun 1 tilbyder, som er involvert i mange prosjekt frå før, og med sprengt kapasitet på produksjon av glassfiberkonstruksjonar, så tyder signala så langt på at ingenting av dette blir produsert i 2020. Sjølv om ledningsnett og kummar truleg er på plass før nyttår, så må også øvrige anlegg ferdigstillast før nettet innafor trinn 2 kan takast i bruk.

Det er stilt spørsmål om sikkerheiten i sving 7, der det har stått oppe eit stort og djupt hol rett ved vegen i heile sommar. Det er her som ein av trykkøkerstasjonane skal plasserast, og håpet var at denne skulle kunne monterast før vinteren. Når vi ser at det ikkje går, så vil BM fylle att delar av dette holet, slik at det skal vera tryggare å ferdast her når det blir meir vinterlege forhold i området.  

Som mange har registrert, så er det eit stort tal grensemerker som har blitt borte undervegs. Dette gjeld både trinn 1 og trinn 2. Dette er ikkje til å unngå, alt med mange av traseane går i grensa mellom 2 tomter, eller tett på tomtegrenser. Neste sommar (2021) er det planlagt at oppmålingavdelingen i kommunen skal ta ein gjennomgang av heile prosjektområdet, og få sett opp grensemerker der desse har fordufta. For trinn 2 sin del så må ledningstraseane vera tilpynta/tilsådd før dette blir gjort. Fleire har alt kontakta både oppmålingsing. i kommunen, og entreprenørane direkte, men dette har vi altså ei plan for! 

Til orientering så vil bommen øvst i hyttefeltet bli flytta lenger opp i haust. I reguleringsplanen for Ålfjell er det godkjent fleire nye tomter som skal ha adkomst frå Ålfjellvegen lenger opp enn der som bommen er plassert i dag. I tillegg er høgdebasseng og trykkøkerstasjon i VA-prosjektet lokalisert på oversida av bommen. Dette gjer at bommen må flyttast for å få tilkomst til både nye tomter og til nye kommunaltekniske anlegg.
 

Oppdatering 6 april 2020:

Kort oppdatering før påske.: Hovedgrøft er sprengt ferdig til ca. vegkryss ved Ålfjellvegen 130 (sving 7). Legging av VA-ledninger er ferdig til litt ned for innkjøring til Ålfjellvegen 117. Ålfjellvegen er ikkje stengt for gjennomkjøring, men det er ein del ‘hopp og sprett’ der grøftetraseen følgjer/kryssar vegen, og dette kan forandre seg frå dag til dag pga. tining. Kjør forsiktig!

Sjølv om Ålfjellvegen er åpen, så vil vi tilrå at Vasetfjellvegen blir brukt av dei som skal lenger opp i feltet. Vi har kjørt denne i dag (måndag 6.4), og opp tom. der det er rekkverk, så er det vekselvis bar veg og noko is/snø. Vidare mest sis/snø. Men med sol og varmt ver framover, så vil dette tine mykje frå dag til dag.
Evt. spørsmål om veg og VA-prosjektet no i påskeveka kan rettast til Nils S. Bergheim 91720180.

 

17.02.2020. Oppdatering.

Her er ny oppdatering om status for trinn 2 i VA-prosjektet i Ålfjell. Det som det truleg er størst interesse for å få opplysningar om, er kvar det pågår anleggsarbeid, og stengt(e) strekning(ar) i Ålfjellvegen. Etter avtale med involverte partar så er det heimesida til Bergheim Maskin AS, og heimesida til Ålfjell Vel som er hovedkanalane for å finne denne informasjonen. Desse vart sist endra før helga (vk. 7), og i første veke av vinterferien (vk. 8), vil det vera aktivitet i området mellom Ålfjellvegen 75 og 102. Adkomst opp til nr. 75 er via Ålfjellvegen (gjennom bommen); for dei som har hytta ovanfor nr. 102, så må dei kjøre opp Vasetfjellvegen. Vær oppmerksom på at det vil vera ein del kjøring av entreprenøren langs begge vegane, og Bergheim Maskin er ikkje pålagt å følgje timekjørings-prinsippet. Ved spørsmål ring Andris: 94039383 eller Nils S: 91720180.

7. nov. 2019 var det ein artikkel på www.aalfjellvel.no, der alle som har private ledningar og brønnar som kan kome i konflikt med nye VA-grøfter (gjeld i utgangspunktet ikkje dei som er knytta til Vannlaget), vart bedd om å kontakte kommunen ved MP for å få desse registrert. Nokre få gjorde det, men det viser seg at entreprenøren likevel finn fleire private ledningar som både er i bruk, og som ikkje er det, som vi ikkje har fått melding om. Dette fører til meirarbeid for entreprenøren, og usikkerheit om ledn. må skjøtes, isolerast før nedfylling att osv. Vi oppmodar på nytt andre som har privat vannforsyning som krysser nye grøfter om å kontakte MP så fort som mogleg! Vi kan i utgangspunktet ikkje ta ansvar for vannledningar som vi ikkje har fått melding om!

Ei anna problem som vi kan kome ut for, er at private brønner kan miste vanntilførselen fordi nye grøfter passerer i nærleiken. Det er stort sett nødvendig å sprenge kvar einaste meter i grøftene, og dette kan føre til at vannårer blir ‘kappa’. Dette har ikkje kommunen eller entreprenøren gitt nokon garanti for å erstatte, men om dette skulle skje, så får vi evt. vurdere om det finst ei mellombels løysing.

Bergheim Maskin har gitt alle innanfor trinn 2 ein pris for å etablere private grøfter inn til hyttene. Prinsippa som skal følgjast i samband med dette finn ein opplysningar om på heimesida til Vestre Slidre kommune


Vær oppmerksom på at i trinn 2 så får vi ikkje tatt i bruk delar av ledningssystemet etter kvart som delstrekningar blir ferdigstilt. Her må heile prosjektet vera ferdigstilt før noko blir sett i drift. Eventuelle spørsmål om dette kan stillast til Vestre Slidre kommune.
 

23.09.2019. Oppdatering.

Det er nok mange som lurer på kvifor det ikkje er meir synleg aktivitet ute i terrenget ennå, for resten av utbygging av VA i Ålfjell (trinn 2). Det er det fleire årsaker til, men den viktigaste er at entreprenøren har arbeidd med ulike alternativ for korleis dei kan få til mest mogleg effektiv drift når dei skal i gang med sjølve anleggsarbeidet.

Kommunen har tidlegare vore i dialog med grunneigar om bruk av Vasetfjellvegen som omkjøringsveg i anleggsperioden, utan at det resulterte i ei signert avtale. Entreprenøren har sett på dette på nytt saman med grunneigar, og basert på ønska plassering av riggområde, overskuddsmasse som grunneigar skal ha, og meir fleksibilitet i forhold til tilgang til Ålfjell-området (Ålfjellvegen), så kan vi nå opplyse om at det er enigheit om opprusting og tilpassing av Vasetfjellvegen, slik at den kan brukast som omkjøringsveg når det er behov for det. Kostnadane knytt til dette blir delt mellom entreprenøren og kommunen (VA-prosjektet). Entreprenøren etablerer sitt rigggområde i den svingen i Vasetbakkadn der ny veg mellom Ålfjellvegen og Vasetfjellvegen blir bygd (ved Ålfjellvegen 195-199), noko som er ei gunstig plassering, om lag midt i anleggsområdet. Etablering av riggområdet, opprusting av Vasetfjellvegen og oppstart med hogging er det som blir prioritert nå i starten. Anleggsarbeidet i trinn 2 vil starte der trinn 1 er avslutta, og gå oppover i lia, etter kvart stort sett i Ålfjellvegen i det brattaste partiet. Meir detaljert informasjon om framdrift og stenging av Ålfjellvegen kjem vi tilbake til.

Hovudentreprenør for trinn 2 er som før opplyst Bergheim Maskin AS (BM), Fagernes. www.bergheim-maskin.no. Kontaktperson er Nils Steinar Bergheim 9172 0180, ns@bergheim-maskin.no.        

Som kommunen informerte om til dei som var på generalforsamlingen tidligare i haust, så vil BM arrangere ein ‘open dag’ i forbindelse med haustferien, der dei presenterer seg som firma, og der det er mogleg å få informasjon og å kome med innspel til gjennomføring av prosjektet, for den enkelte hytteeigar. Dette vil gå føre seg på riggområdet i Vasetfjellvegen, torsdag 3. oktober kl. 10-15. Her vil det i tillegg vera div. aktivitetar, konkurranser(?), osv.

Endeleg avslutning av trinn 1 har tatt sin tid, dette er i hovudsak knytt til manglande ferdigstilling av den nye kloakkpumpestasjonen. Automatikkleverandør til denne stasjonen er den same som Vestre Slidre kommune nyttar på dei fleste kommunale VA-installasjonar. I samband med toreveret som råka Vestre Slidre ganske hardt 5. august, så vart mykje av styrings-og kommunikasjonsutsyret øydelagt. Kommunen har prioritert å få dette i gang att, og det har forsinka montering av utstyr i kloakkpumpestasjonen. Om det ikkje skjer noko uforutsett, så skal kloakkpumpestasjonen bli sett i drift i løpet av denne veka (39). Då kan dei på nedsida av Knippesetvegen og i Ålfjellvegen, som har er klare for å ta VA-nettet i bruk, kople seg til. MEN vent til de har fått bekreftelse frå Vestre Slidre kommune og/eller Kroon Maskin før avløpet blir tatt i bruk!

09.07.2019. Oppdatering.

Kommunen sendte sist veke ut avtaler om tillatelse til legging og vedlikehald av VA-nett på og nær den enkeltes eigedom/tomt. Vedlagt var også eit kartutsnitt av VA-plan for det aktuelle området, men dette er fortsatt i liten målestokk. For dei som vil sjå si tomt meir detaljert, så ligg VA-plan for del 2 inne i teksten for oppdatering datert 03.06.2019. Der kan ein zoome inn på sin eigedom. MEN i følgebrevet som låg ved avtalen, så er det ein feil i e-postadressa som ein kan sende spørsmål og kommentarar til, rett adresse er: va-aalfjell@vestre-slidre.kommune.no.

For trinn 2 så er det gjennomført anbodskonkurranse, der kommunen fekk inn totalt 5 tilbod. 3 av tilboda låg nær kvarandre i pris. Kontraktsforhandlinger er foreløpig ikkje gjennomført, så vi kjem med fleire opplysningar om entreprenør, kontaktperson osv. når kontrakt er på plass. I utlysingen er det føresett anleggsstart ila. august 2019, noko som dei som har levert tilbod har bekrefta at dei kan oppfylle.

Trinn 1 nærmar seg ferdigstillig, det meste av rør er nå lagt. Unntaket er trasèen frå Ålfjellvegen og bort til Pjåtastølvegen, men dette strekket innvirkar ikkje på bruk av øvrig nett. Alle som ynskjer å kople seg til i nær framtid, må sende inn ‘Søknad om sanitærabonnement’. Skjemaet ligg på heimeside under ‘Felles for vatn og avløp’.

For dei som har hytte på nedsida av Knippesetvegen og langs Ålfjellvegen, så må kloakkpumpestasjonen (PS) nede ved Vasetvatnet, vera driftsklar før vi kan kople desse til nettet. Levering av PS er utsett fleire gonger, i tillegg så er ikkje straumforsyning på plass. PS er kommunen sin eigen leveranse, så Kroon Maskin (KM) er utan ansvar for dette. Vi reknar med at PS er i drift i løpet av august.

Valdres Energi har bestilt legging av trekkerøyr langs heile trasèen fra Knippesetvegen (brakkeriggen), langs Vasetvatnet og vidare opp til Ålfjellvegen. Denne bestillinga kom såpass seint at det er ikkje sikkert at KM blir heilt ferdige med finplanering av alle grøfter før 1. august. Viser til tidlegare oppdatering om nokon har spørsmål rundt dette.

 

03.06.2019. Oppdatering.
Viser til tidligare informasjon vedk. prosjektering og annonsering av siste del, trinn 2, av utbygginga i Ålfjell-feltet. Prosjektering og ferdigstilling av tegningar og tilbudsgrunnlag tok noko lenger tid enn planlagt, men vi meiner fortsatt at dette ikkje skal påverke tidspunktet for oppstart, som er planlagt til august. Det er gjort nokre endringar i grøftetrasè for felles privat og privatledningar, men det aller meste av trasèane er plassert som tidlegare vist.

 

VA-plan trinn 2 er lagt ved. (PDF, 2 MB) Tilbudsgrunnlaget vart publisert i ‘Doffin-basen’ 31. mai, med tilbudsfrist 21. juni. Val av entreprenør skal vera gjort før 1. juli.
 

For trinn 1 så har det vore mindre aktivitet dei siste 2 vekene, grunna omdisponering av ein del ressursar til andre prosjekt som entreprenøren er i sluttfasen med, men dette vil bli kompensert med auka ressursar til Ålfjell når dette prosjektet skal ferdigstillast fram mot ferien. For dei som ynskjer ei befaring på/ved sin eigedom når veger og grøftetrasè er finplanert og ferdigstilt, så kan dette avtalast med prosjektleiar (48022778) eller kontaktperson i Kroon Maskin AS (Lars Myhre 99267476).
 

25.04.19. Oppdatering.
For å kunne få til enklare/raskare framdrift med VA-utbygginga i nedre del av Ålfjellvegen, og samstundes kunne drive anleggsarbeidet med mindre risiko, så har entreprenøren etter avtale med styret i Ålfjell Vel, fått tillatelse til stenge Ålfjellvegen i tida etter påske. Følgjande melding er lagt ut på www.aalfjellvel.no:

I forbindelse med fremføring av vann og avløp (VA) vil entreprenør Kroon Maskin måtte holde Ålfjellvegen stengt i tidsrommet

onsdag 24. april klokken 07.00.
til fredag 10. mai klokken 14.00.

Det skal dog være mulig å benytte veien fra fredag ettermiddag til søndag kveld i de to berørte helgene. 

I dette tidrommet vil det pågå anleggsarbeid fom. kum A_VKB 32, og langs trasè VA_A fram til A_VKB 39 (ref. kart i den grå ‘boksen’ øverst på sida, ‘VA-Plan 1. byggetrinn’). I tillegg vil ein prøve å få ferdig mest muleg av VA_F i perioda som vegen er stengt.
Det som står att av trinn 1 i prosjektet er trasè VA_A_b (Ålfjellvegen fram til Pålsetvegen 3), kryssing av Knippestevegen på 3 stader, samt nokre korte strekk på felles privat/private stikkledningar. Dette blir tatt fortløpande utover våren. 
Vidare har Kroon Maskin AS gjort avtale med fleire i området om graving av private ledningar frå tilkoplingspunktet og inn til hytta, dette er arbeid som går uavhengig av hovedprosjektet.

Etter kvart som det tinar og tørkar opp langs grøftetrasèane, og entreprenøren har ledig kapasitet, så vil dei starte opp med finplanering rundt i terrenget der det er gravd. Det meste av dette arbeidet vil vera ferdig ila. juni. 
Dato for ferdigstilling av trinn 1i avtalen mellom Vestre Slidre kommune og Kroon Maskin AS, er iht. kontrakten 1. august 2019.

Vedk. resten av prosjekt VA-Ålfjell, trinn 2, så er prosjektering og utsending av tilbudsgrunnlaget forsinka. Det meste av ansvaret for dette ligg på kommunen, då vi har bedd vår konsulent om å omprosjektere eit par strekk i øvre del av området. Grunn til dette er endra føresetnader ift. det som var lagt til grunn for prosjekteringen tidlegare.  Dette er såpass store endringar at det får konsekvensar for ein god del av tegningsgrunnlaget.
Vi reknar nå med at anbudsgrunnlaget er klart for utsending i første halvdel av mai.
 

22.02.19. Oppdatering:
Grøftearbeidet langs Knippesetvegen og Svingastølvegen var for det meste ferdigstilt til starten av vinterferien (veke 8/9). Det som står att er øvre del av strekning VA_B i Svingastølvegen, samt kryssing av Knippesetvegen v/Knippesetvegen 77. Dette blir tatt etter vinterferien, når det er mindre trafikk i området.

I veke 7, starta entreprenøren opp att på hovedstrekket (VA_A), ned mot Vasetvatnet. Arbeidet går frå der det kjem ny kloakkpumpestasjon, og vidare vestover mot Knippesetvegen 140, der traseen svinger 90gr. opp mot Knippesetvegen og vidare oppover Ålfjellvegen. Kor langt vi kjem i den enden før påske er det litt tidleg å seie ennå, men entreprenøren legg uansett opp arbeidet sitt slik at det skal bli minst muleg problem med trafikkavviklingen her i påskeveka. Kroon Maskin AS tek kontakt med den enkelte hytteeigar etter kvart som det evt. dukkar opp spørsmål som krev avklaring undervegs. Kontaktperson i Kroon Maskin er Lars Myhre 99267476.

Når det gjeld resten av prosjektet, trinn 2, så er detaljprosjektering i gang. Denne skal være ferdig til 15. mars, og tilbudsgrunnlaget skal vera klart for utsendig ca. 1. april iht. den avtalen som vi har med konsulenten. Desse datoane er iht. den framdriften som vi hadde lagt opp til. Anleggsstart for trinn 2 vil vi anta blir ila. juni 2019.

30.11.18. Oppdatering:
Rørarbeidet på strekket frå Knippesetvegen og fram til kloakkpumpestasjonen ved Vasetvatnet, er ferdig. Grøftetrasèen og vegen ved sida av grøfta blir ferdigstilt etter kvart som det blir egna masser tilgjengeleg.

I veke 48 er også arbeidet starta opp frå startpunktet v/avkjøring til Soltjednvegen (Bergfosshytta), og vil fortsette mot vest langs Knippesetvegen. Målet er å ha passert rundkjøringa før jul 2018. Det vil bli noko innsnevra kjørebane medan dette arbeidet pågår, men trafikken skal kunne gå mest muleg uhindra i anleggsperioda.
Entreprenøren (Kroon Maskin AS) tek juleferie fom. fredag 21.12, og dei startar opp att etter nyttår 2. januar 2019. Kontaktperson i Kroon Maskin er Lars Myhre 99267476.

Generell informasjon:
Etter å ha arbeidd lenge med avklaringar rundt mva., eller ikkje mva. på anleggsbidrag, avtaler om betaling av frivillig anleggsbidrag, og avtaler om graving og legging av ledningsnett på den enkelte grunneigar si tomt/grunn i sommar, så vart 1. avdrag av anleggsbidraget fakturert i juli. Vidare vart reguleringsplaner for Vasetvatnet Hyttegrend og Vasetfjell eigengodkjent i kommunestyret i juni, dette var også ein føresetnad for å koma vidare med prosjektet. 

Etter kvart kom alle nødvendige avtaler på plass, slik at vi kunne starte planlegging av sjølve anleggsstarten saman med entreprenøren.

Utførande entreprenør er Kroon Maskin AS (KM), som er eit lokalt entreprenørfirma med tilhald i Nord-Aurdal. Dei har erfaring frå gjenomføring av fleire større og mindre VA-prosjekt, m.a. i Nord-Aurdal og i Øystre Slidre.

Kroon Maskin begynner å rigge seg til i området i veke 41. M.a. vil hogging langs traseèn bli noko av det første som skjer. KM vil i starten prioritere strekket frå Knippesetvegen og på nedsida av reg.plan Vasetvatnet Hyttegrend, fram til kloakkpumpestasjonen som skal etablerast ned mot Vasetvatnet. Dette for å bli ferdig med mest muleg av arbeidet her før skisesongen starter for fullt.

Detaljer om kontaktperson i Kroon Maskin AS, og øvrig framdrift, blir lagt ut etter kvart.

Kontaktinfo

Magne Presthegge
prosjektleiar
E-post
Telefon 61 34 50 73
Mobil 480 22 778