Vassmålaravlesing 2017

Vatn - Klikk for stort bilete No er det tid for vassmålaravlesing og det blir utsendt SMS til dei som registrerte mobilnummer ved avlesing i 2016, og avlesningskort med informasjon om rapportering av målarstand til dei som ikkje ville ha SMS-varsling.

Ynskjer de å lese av på web, går de inn på leseav.no Her fyller de inn ei kode som står på avlesningskortet og legg inn målarstand. For dei som ynskjer å lese av via SMS på neste års avlesing, legg inn mobilnummer samtidig som du rapporterar målarstanden.

Svarslipp for rapportering av vassmålaravlesing

Dersom du ikkje ynskjer å rapportere målarstanden på web, kan du levere svarslippen på motteke avlesingskort. Målarstanden fylles ut, skjemaet signerast og leverast til Vestre Slidre kommune. Her kan du og leggje inn mobilnummer hvis du ynskjer å få lese av målaren på SMS ved neste års avlesing.
Frist for innlevering er 8. januar 2018.

Har de spørsmål, ta kontakt på telefon 61 34 50 00.

Vasslekkasje kan være dyrt. Til og med ei kran som berre dryp langsamt kan bruke fleire tusen liter på eit år. Ein WC kan lekke verkeleg mykje vatn, opptil fleire hundre tusen liter vatn på eitt år. Slike lekkasjar må du betale for. Gjer det til vane å kontrollere at det ikkje lek heime hos deg: Steng alle kraner og kontrollér at ingenting rører seg på vassmålaren. Er det bevegelse på vassmålaren din når alle kraner er stengt: Ring ein røyrlegger!

Frist for innlevering på leseav.no,  er 8. januar 2018.