Lovverk

Lovtekster:

Opplæringslova § 7-1

Elevar i 2.-10. klasse som bur meir enn fire kilometer frå skulen har rett til gratis skyss. For elevar i 1. klasse/førskulen er skyssgrensa to kilometer.

  • Avstanden målast frå inngangsdøra der eleven bur, til skulens hovudinngang. Målepunkt samt vegar som målast avtalast med kommunen. Privat oppmåling blir ikkje godteke.
  • Oppmålingane blir gjort av kommunen. Fylkeskommunen avgjer når det er tvil om oppmålinga.
  • Elevar som har særleg farleg eller vanskeleg skuleveg har rett til gratis skyss utan omsyn til veglengda. Kommunen tek avgjersler i saker om fri skuleskyss når skulevegen er særleg farleg eller vanskeleg og avstanden mellom bopel og skule er under 2 og 4 km.


Opplæringsloven § 7-3


Elevar som på grunn av funksjonshemming eller mellombels skade eller sjukdom har behov for skyss, har rett til det uavhengig av avstanden mellom heimen og opplæringsstaden.

  • Fylkeskommunen er ansvarleg for å organisere skuleskyssen innanfor heimstadskommunen.
  • Det gis ikkje skyss til og frå skulefritidsordning eller frå leksehjelp.

 

Opplæringsloven § 13-4

Fylkeskommunen skal planlegge og organisere skuleskyssen i samarbeid med kommunane. Fylkeskommunen v/ Opplandstrafikk har det administrative ansvar for planlegging og gjennomføring av skuleskyssen.

  • ∙Elever som blir innvilga fri skuleskyss, og som benytter buss, får tildelt skysskort. Elevar som har skuleskyss med drosje har ikkje skysskort. Elever i 1. klasse får refleksbrikke som skyssbevis. Elevane skal alltid ha med skysskortet når dei skal kjøre buss. Skysskort blir delt ut på skulen.

Sjå elles under http://opplandstrafikk.no/skoleskyss/grunnskole.
Spørsmål om rutetider for buss kan ein finne på: http://opplandstrafikk.no eller ved å kontakte 177