Gebyrregulativ for 2017

Gebyrregulativet inneheld bestemmingar for fylgjande område i kommunen:

GEBYR FOR ARBEID ETTER MATRIKKELLOVA- 2017§ 32

med forskrift § 16 og lokal forskrift om unntak frå tidsfristaR (vinterforskrift)

Matrikkellova gjeld for måling og registrering av eigedomsgrenser/rettar. For einskilde oppgåver etter matrikkellova er betalingssatsar fastsett i lov eller forskrift (m. a. utskrift av matrikkelbrev, forskr § 16,4). For andre oppgåver er det ikkje gjeve heimel for å krevje gebyr, m. a. forskr. § 16, 2-3 og kap 11. Kommunen er med matrikkellova pålagt utvida undersøkingsplikt og saksbehandlingsrutinar. Matrikkellova legg til grunn at kommunen kan få dekt sine samla utgifter for oppgåver etter lova gjennom dei gebyrheimlane lova gjev. Kommunen fullfører rekvisi­sjonar utan ugrunna opphald, normalt innan fristen på 16 veker. Ved grunna opphald – inklusiv lokal vinterforskrift (1.11.-15.5) – forskyv fristen seg. Oversitting av fristen medfører 1/3 av­korting av gebyra.

Oppretting av matrikkeleining, ml § 5

Oppretting av grunneigedom og festegrunn, ml § 5a og f

Areal frå 0 – 250 m²

7 840 kr

Areal frå 251 – 500 m²

10 030 kr

Areal frå 501 – 2000 m²

15 920 kr

Areal frå 2001 – 5 000 m2 -tillegg pr. påbegynt da

1 310 kr

Areal frå 5001 m² – tillegg pr. påbegynt da

720 kr

Punktfeste utan måling

4 520 kr

Punktfeste med måling

7 840 kr

Oppmålingsforretning som vert gjennomført som kontorforretning (m.forskr.§40)

4 510 kr

 

Matrikulering av eksisterande umatrikulert grunn , ml §§ 14 og 5e, m.forskr §31 og oppretting av grunneigedom på heil teig, ml § 10, m.forskr. § 42

Fakturering etter medgått tid

Minstegebyr

4 510 kr

Krev forretninga måling i terrenget, skal dette fakturerast som for oppretting av grunneigedom1.1.1.

 

Oppmåling av uteareal på eigarseksjon , eigarseksjonsl § 7 og 9, m.forskr §35

Gebyr som for oppretting av grunneigedom, etter ml § 5a og f

Oppretting av anleggseigedom , ml § 5c og 11, m. forskr § 29

Volum frå 0 – 2000 m³

15 920 kr

Volum frå 2001 m³ – tillegg pr. påbegynt 1000 m3

1 290 kr

Registrering av jordsameige, ml §14, m. forskr §§ 28 og 32

Fakturering etter medgått tid.

Minstegebyr

4 510 kr

 

Oppretting av matrikkeleining utan fullført oppmålingsforretning , ml § 6 andre ledd, m.forskr §§ 18 og 25

Matrikulering med utsatt fullført oppmålingsforretning

Dersom rekvirenten ber om matrikkelføring før kommunen sin frist etter m.forskr. § 18 er ute, inklusiv vinterforskrift, skal det søkjast særskilt. Kommunen er ikkje pålagt framskynda matrikkelføring, men skal så vidt mogleg etterkome søknaden.

Tilleggsgebyr til ordinært gebyr

2 570 kr r

 

Grensejustering , ml §16, m.forskr § 34

Grensejustering av grunneigedom, festegrunn og jordsameige

Som hovudregel kan det søkjast om grensejustering av inntil 5 % av dei aktuelle eigedomane sine areal, maksimalgrense 500 m².

Areal frå 0 – 250 m²

5 620 kr

Areal frå 251 – 500 m²

7 700 kr

Grensejustering av anleggseigedom

For anleggseigedom kan volumet justerast inntil 5 % av anleggseigedomen sitt volum, maksimal grense 1000 m³.

Volum frå 0 – 250 m³

5 620 kr

Volum frå 251 – 1000 m³

7 700 kr

Arealoverføring , ml §15, m.forskr §33

Arealoverføring av grunneigedom, festegrunn og jordsameige

Ved arealoverføring skal oppmålingsforretning og tinglysing gjennomførast. Rettar, pant mv skal vera avklara og rydda før gjennomføring. Arealoverføring utløyser dokumentavgift. Dette gjeld ikkje arealoverføring til veg- og jernbaneformål.

For arealoverføring skal det betalast gebyr etter punkt. 1.1.1.

Ved rettar/hefte og anna kjem administrasjonsgebyr på 1 800 kr.

 

Arealoverføring av anleggseigedom

For anleggseigedom kan volum som skal overførast frå ei matrikkeleining til ei anna, - ikkje vera registrert på ei tredje matrikkeleining. Volum kan overførast til ei matrikkeleining dersom vilkåra for samanføying er til stades. Matrikkeleininga skal utgjere eit samanhengande volum.

Volum frå 0 – 500 m³

3 920 kr

Nytt påbegynt 500 m³ medfører auke av gebyret på

1 290 kr

Klarlegging av eksisterande grense der grensa tidlegare er koordinatbestemt ved oppmålingsforretning , ml §17, m.forskr §36

For inntil 2 punkt

2 570 kr

For overskytande grensepunkt, pr. punkt

660 kr

Klarlegging av eksisterande grense og/ eller rettar der grensa ikkje tidlegare er koordinatbestemt , ml §17, m.forskr §36

For inntil 2 punkt

7 550 kr

For overskytande grensepunkt, pr. punkt

660 kr

Om det vert halde oppmålingsforretning på fleire tilgrensande eigedomar samstundes, vert satsen på 7 550 kr redusert til 5 550 kr for alle partar. Gebyr for overskytande punkt vert fordelt på partane.

Gebyr for klarlegging av rettar vert fakturert etter medgått tid.

Privat grenseavtale , eksisterande grense, ml §19, m.forskr §44

Fakturering etter medgått tid

Minstegebyr for registrering

1 960 kr

Krev forretninga måling i terrenget, skal dette fakturerast etter 1.1 eller 1.6.

Avbrot i oppmålingsforretning eller matrikulering

Dersom ei sak vert trekt før ho er fullført, må avvisast, ikkje let seg matrikkelføre på grunn av endra heimelstilhøve eller av andre grunnar ikkje kan fullførast, vert det kravd gebyr tilsvarande 1/3 av satsane etter 1.1 og 1.2.

 

Urimeleg gebyr

Dersom gebyret er openbart urimeleg i forhold til dei prinsipp som er lagt til grunn i matrikkellova og det arbeid og dei kostnadene kommunen har hatt, kan kommunen etter eige tiltak eller søknad fastsetje eit passande gebyr.

Betalingsreglar

Gebyr skal betalast etter reglar og satsar på rekvisisjonstidspunktet. Krav om gebyr vert sendt i samband med matrikkelføring. For arbeid som ikkje krev matrikkelføring vert krav sendt når arbeidet er utført. For arbeid som skal fakturerast etter medgått tid skal ein timesats på 855 kr nyttast.

Endringar i grunnlaget for matrikkelføring av saken

Gjer rekvirenten under saka si gang endringar i grunnlaget for matrikkelføring av saka, vert gebyret oppretthalde. Medfører endringa meirarbeid i høve til rekvirert sak, vert dette fakturert etter medgått tid.

Utstedt matrikkelbrev , ml § 30, m.forskr § 17

Matrikkelbrev inntil 10 sider

175 kr

Matrikkelbrev over 10 sider

350 kr

Satsane vert fastsett av Statens kartverk, jmf. m.forskr § 17.4.

Gebyr for oppretting av grunnboksblad på utinglyste festar som er i matrikkelen (Tinglysingslova §12b 2.ledd.)

Andre utlegg

Utlegg til tinglysingsgebyr, eventuell dokumentavgift, pantefråfall og utskrifter ut over det kommunen har fri tilgang til, kjem i tillegg til gebyr for den einskilde forretning.

GEBYR FOR ARBEID ETTER EIGARSEKSJONSLOVA (§ 7)

Seksjonering og reseksjonering

Sak som krev synfaring

5 rettsgebyr

Sak som ikkje krev synfaring

3 rettsgebyr

.

Situasjonsplan/dokument etter matrikkellova for grunnareal til seksjon

Der det inngår grunnareal i ein seksjon, skal det i tillegg til gebyr etter 2.1,
betalast gebyr som for oppretting av grunneigedom etter matrikkellova, jfr. eigarseksjonslova §§ 7 og 9.

Ny handsaming av avslegen søknad

Der fornya søknad om seksjonering eller reseksjonering fører til godkjenning eller nytt avslag, skal halvparten av tidlegare betalt gebyr koma til frådrag dersom søknaden kjem til kommunen innan tre månader etter dato for avslag.

GEBYRREGULATIV FOR PLAN- OG BYGGESAKER

Vestre Slidre kommune har i medhald av:

· §33-1 i «Lov om planlegging og byggesaksbehandling (Plan- og bygningsloven)»

· Forureisningsforskrifta kap 12 og 13.

vedtatt fylgjande gebyrregulativ gjeldande frå 01.01. 2017

Generelt for bygge/utsleppsløyver:

Ulovlig byggearbeid

Byggearbeid som er igangsatt uten at det foreligger nødvendig søknad og

tillatelse, beregnes grunngebyr med tillegg på 100 % for behandling av søknaden i ettertid

Ulovlig igangsetting.

Tiltak som er godkjent, men satt i gang uten at det foreligger skriftlig

varsling til kommunen, beregnes grunngebyr med tillegg på 100 %.

Tiltak oppført i strid med vedtak beregnes grunngebyr med tillegg på 50 %.

Etterspørsel etter tilleggsopplysninger for å få søknad komplett etter §§ 20-1/20-2/30-6 ilegges et gebyr for kommunens merarbeid ved utsendelse av mangelbrev på 15 % av gebyrets størrelse.

1. Søknadspliktige tiltak etter PBL §20-3 (Tiltak med krav om ansvarlege foretak):

Gjeld oppføring, tilbygg, endring av varig bygning, gjeld ikkje plassering, konstruksjon eller anlegg.

0 – 50 m2 bruksareal kr 4.500

51 - 100 m2 bruksareal kr 8.250

101 - 150 m2 bruksareal kr 9.500

151 - 200 m2 bruksareal kr 10.750

Deretter for kvar påbegynt 50 m2 kr 1.600

 

Bruksarealet skal reknast ut i samsvar med NS 3940. For hovedombygging eller tilbygg vert satsane å rekne ut etter ombygd/tilbygd areal.

Eventuelle utgifter til eksterne faguttaler/vurderingar kjem i tillegg til regulativsatsane.

2. Fritidsbustader m.m. etter PBL §20-3, 20-4:

Hytter med evt. samtidig byggemeldt anneks/uthus kr 12.500

Nye anneks/uthus og tilbygg/ombyggingar på hytte og anneks. kr 7.000

 

3. Søknadspliktige tiltak etter PBL §20-4 (Tiltak utan krav om ansvarlege foretak):

Mindre tiltak på bebygd eigedom kr 4.000

Driftsbygning i landbruket kr 3.000

Andre mindre tiltak kr 3.000

4. Andre konstruksjoner/ tiltak §§ i PBL:

§ 28-6 - Basseng, brønn og dam kr 3.000,-

§ 30-4 - Andre varige konstruksjonar mv. kr 3.000,-

§ 30-5 - Midlertidige/transportable bygningar mv. kr 2.000,-

§ 31-2 - Tiltak på eksisterande byggverk kr 3.000,-

§ 30-3 - Skilt og reklameinnretningar kr 2.000,-

§20-1.d - Bruksendring, vesentlig utvidelse eller kr 3.000,-

vesentlig endring av tidligare drift av tiltak kr

§20-1.e - Riving av tiltak kr 3.000,-

§20-1.g - Oppdeling/sammenføyning av brukseiningar i boliger kr 3.000,-

samt annan ombygging som fører til fråviking av bolig.

§20-1.m - Opprettelse av ny grunneiendom, ny anleggseiendom kr 3.000,-

eller nytt jordsameie, eller opprettelse av ny festegrunn for

bortfeste som kan gjelde i mer enn 10 år, eller arealoverføring,

jf. matrikkellova.

§20-1.k - Vesentlig terrenginngrep kr 3.000,-

§20-1.l - Anlegg av veg eller parkeringsplass kr 3.000,-

5. Ferdigattest etter PBL § 21-10.

Ferdigattest kr 500,-

Synfaring ved ferdigattest kr 2.300,-

2. gongs synfaring ved ferdigattest kr 1.850,-

Ferdigattest for tiltak eldre enn 3 år kr 1.500,-

6. Utsleppssaker etter forureiningsforskrifta kap. 12 og 13:

Avløpsanlegg for inntil 15 PE (personeinheiter), kap. 12:

Behandling av søknad om utsleppsløyve kr 4.500,-

Mindre endring av utsleppsløyve kr 1.500,-

Avløpsanlegg for meir enn 15 PE (personeinheiter), kap.13:

Behandling av søknad om utsleppsløyve kr 13.000,-

Mindre endring av utsleppsløyve kr 2.000,-

7. Behandling av forprosjekt, dispensasjon, ulovlig byggearbeid mv.

Behandling av mindre endringssøknader kr 1.500,-

Dispensasjon frå teknisk forskrift (i eigen søknad) kr 4.000,- Timesats for behandling av saker vedr. ulovlig byggearbeid/tiltak kr 855,-

Overtredelsesgebyr, pbl. §32-8, gebyrsatsar fastsett i SAK10 §16-1.

PLANSAKER

1. Generelt

Annonsekostnaden er ikkje med i gebyrsatsane.

Kostnader/gebyr i samband med eksterne faguttaler, t.d. kulturminnesundersøking, geologiske

undersøkingar, rasundersøking, ol. kjem i tillegg til gebyra. Desse må dekkast av

søkar/tiltakshavar/utbyggar.

Gebyr skal fastsettast etter dei satsane som gjeld når planen er innlevert til kommunen for

behandling, samt etter tal tomter/areal som planen blir fremma med

For reguleringsplan: Halvparten av gebyret skal vera betalt før planen blir teken opp til behandling. Ved endelig avslag av reguleringsforslag skal det betalast 50% gebyr.

For andre saker som disp/mindre endring m.m.: Hele gebyret skal vere betalt før saka tas opp til behandling.

Ei sak reknes som innlevert når saksbehandling er påbegynt. Har det ikkje vore framdrift i ei

reguleringssak i løpet av de tre siste åra, blir saka rekna som avslutta.

For arbeid som skal fakturerast etter medgått tid nyttar me ein timesats på kr. 855,-

Dersom gebyret er openbart urimeleg i forhold til dei prinsipp som er lagt til grunn for

gebyrreglane, og det arbeid kommunen har hatt, kan kommunen etter eige tiltak eller etter

søknad fastsetja eit passande gebyr.

Krav om utarbeiding av bebyggelsesplan (etter gamal plan- og bygningslov) i gjeldande

(flate)reguleringsplanar skal følgjast opp med utarbeiding av detaljregulering.

2. Områderegulering, PBL § 12-2

Kostnad i samband med utarbeiding av private forslag til områderegulering (jfr. pbl § 12-2)

skal avtalast mellom tiltakshavar og kommunen i kvart einskild tilfelle.

3. Planavklaring

Politisk avklaring før fyrste gongs behandling av privat planforslag: kr. 9000,-

4. Detaljregulering, PBL §§ 12-3, 12-10 og 12-11

Planprogram

Behandling av planprogram etter pbl §12- 9: kr. 9000,-

Detaljregulering

For planar t.o.m. 10 nye tomter/flatereguleringsplan: kr. 40.000,-

+ pr. tomt mellom 11-50: kr. 2.200,-

+ pr. tomt over 50: kr. 1.100,-

5. Endringar av reguleringsplan, PBL § 12-14

Endring av reguleringsplanar, som ikkje fører til nye brukseiningar og

krev full behandling, Jfr. pbl § 12-14, 1. ledd: kr. 19.500,-

Mindre og små endringar av reguleringsplanar,

jfr. pbl § 12-14, 2. ledd: kr. 9000,-

 

6. Dispensasjon, PBL kap. 19.

Søknad om dispensasjon frå plan- og bygningslova med forskrifter,

Reguleringsplanar og arealdelen av kommuneplanen.

Gebyret kjem i tillegg til ordinært gebyr kr. 9000,-

 

7. Ulovleghetsoppfølging PBL kap 32.

Ulovlege tiltak som medfører oppfølging etter pbl kap 32 og søknad

om dispensasjon i etterkant, er gebyret 2 ganger dispensasjonsgebyret. kr.18.000,-

Andre ulovlege tiltak som oppfølges etter pbl kap 32, vil faktureres

med følgjande timesats: kr. 855,-

 

9. Øvrige saker:

Ang Overtredelsesgebyr: Det nyttes satser som er bestemt i plan- og bygningslov.

For saker som ikkje kjem direkte inn under dette regulativet, eller som etter ønske frå

forslagsstillar vert trekt attende før sluttbehandling, vert gebyret å fastsette i kvart enkelt

tilfelle. Etatsjefen for LNT skal fastsette slikt gebyr, medan formannskapet er ankeinstans.

Kommunen ønsker å fremme utvikling av bustadfelt. Ved fremming av reguleringsplan for bustadfelt, skal det i kvart enkelt tilfelle vurderast om plangebyret skal settast ned ifht. satsane i punkt 4.

BETALINGSSATSER FOR REGELVERK/TJENESTER FORVALTET AV LANDBRUKSAVDELINGEN

Vestre Slidre kommune har i medhald av:

-Forskrift om gebyr for behandling av konsesjons- og delingssaker

-Forskrift om kommunale og fylkeskommunale viltfond og fellingsavgift for elg og hjort

- Lov om vern mot forurensninger og om avfall

vedtatt fylgjande gebyrregulativ gjeldande frå 01.01. 2017

1. Behandling av konsesjonssøknader etter konsesjonsloven §§ 2 og 3:

Av omsetningsverdi inntil 1. million: 3 ‰

Av omsteningsverdi overskytende over 1. million 2 ‰

Minstegebyr konsesjonssaker: kr. 2000,-

Maksimalt gebyr konsesjonssaker: kr. 5000,-

2. Behandling av delingssaker etter jordloven §12:

Søknad om delingssamtykke etter jordloven §12 kr 2000,-

3. Fellingsavgifter:

 

Ein fylgjer Miljødirektoratet sine maksimalsatser for fellingsavgift.

4. Betalingssatser for bruk av kommunalt ansatt som landbruksvikar:

 

Bruk til avløsning ifb. sykdom (sykdomsavløsning): kr. 180 + mva/time

Bruk til avløsning ifb. ferie og fritid: kr. 200 + mva/time

5. Pris for saker som faktureres etter medgått tid kr. 855 per time

Døme på arbeid som faktureres etter medgått tid kan vere gebyr etter forureiningslova §52a

EIGENBETALINGSSATSAR FOR HELSE OG OMSORG STENESTA

Generelt

I medhald av § 11-2 i Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m m. kan kommunen pålegge den som mottek tenester etter denne lova, å dekkje kostnadene heilt eller delvis. Nærare reglar for slik eigenbetaling er fast­sett i eiga forskrift.

Opphald sjukeheimen

Langtidsopphald:

§ 3 i Forskrift om vederlag for opphald i institusjon m v fastset slike reglar for betaling ved langtidsopphald:

Av inntekter inntil folketrygdens grunnbeløp, fratrukket et fribeløp på kroner 7800 pr år, kan det kreves betalt 75% årlig. Betalingen skal begrenses slik at enhver har i behold til eget bruk minst 25% av folketrygdens grunnbeløp i tillegg til fordelen av fribeløpet. Av inntekter utover folketrygdens grunnbeløp betales inntil 85%.

Korttidsopphald:

I § 4 er det fastsett slike reglar ved korttidsopphald:

Kommunen kan ta betaling med inntil kroner 150 pr. døgn for korttidsopphold og med inntil kroner 80 for det enkelte dag- eller nattopphold. (rundskriv I-1/ 2016)

Justering av beløp i forskrifta for eigenbetaling skjer etterskuddsvis i februar-mars. Med bakgrunn i dette brukar kommunen den til ei kvar tid gjeldande sats.

 

Kurdøgnpris:

Vederlaget for opphaldet må ikkje overstige dei reelle opphaldsutgifter. Kapitalutgiftene skal ikkje takast med i utrekninga av opphaldsutgiftene. Kommunen fastset opphaldsutgiftene ved den einskilde institusjonen.

Kurdøgnprisen seier kva det kostar å drive ein institusjonsplass. Til grunn for utrekninga av kurdøgnprisen ligg brutto driftsutgifter minus brutto driftsinntekter utanom vederlagsbetal­inga.

Brutto driftsutgifter 2017

 

Utgifter sjukeheimen drift

Kr 18 870 000

+ Vedlikehald

Kr 608 000

Egenbetaling

-2 200 000

Grunnlag for kurpris 2017

Kr 17 278 000

Kurpris per år

Kr 47 337

Kurdøgnpris 20 plassar (2017)

2.367

Pr månad utgjer dette kr 73 377.

Mat

Satsar for mat for heimebuande og bemanna omsorgsbustad

Matombringing; middag + suppe/dessert 82 kr

Middag og tørrmat/full kost per månad 4000 kr

Heimehjelp
I medhald av § 11-2 i Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. kan kommunen pålegge den som mottek tenester etter denne lova, å dekkje kostnadene heilt eller delvis. Nærare reglar for slik eigenbetaling er fast­sett i eiga forskrift.

Med grunnlag i budsjettet for 2017 er sjølvkost for denne tenesta utrekna til kr 280,- pr time.

Forskrift til Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. definerer sjølvkost som ”en gjennomsnittlig timelønn for den tjenesten som utføres, tillagt sosiale utgifter samt administrasjonsutgifter som skal utgjøre 10% av timelønn og sosiale utgifter.” Maksimal eigenandel er i forskrifta sett til kr 190,- per månad for mottakarar med inntekt under 2G. (kr 185146,-)

Tabell 1. Eigenbetaling hjelp i heimen per time.

Art

VSK

2017

Skattbar inntekt under 2 G*

85

Skattbar inntekt 2 - 3 G

100

Skattbar inntekt 3 – 4 G

180

Skattbar inntekt 4 – 5 G

280

Skattbar inntekt over 5 G

280

Grunnbeløpet (G) er per 1. mai 2016 kr 92 576.

Vestre Slidre kommune har etablert ein profil på satsane med sterk subsidiering på dei lågaste inntektsnivåa, og dette blir føresett vidareført i 2017.

Satsen for inntekt over 4G følgjer sjølvkost, og at satsen på dei andre inntektsnivåa blir oppjustert som vist i tabellen.

 

Tryggleiksalarm

Satsen for tryggleiksalarm er for 2017 sett til kr 190,- per månad. Dette inkluderer avgift til mottakssentralen. Det er ein kostnad på 300kr ved montering fyrste gong. Service og reparasjonar er inkludert.

Kostnaden speglar Vestre Slidre kommune sine reelle kostnader på dette området.

 

BETALINGSSATSAR I BARNEHAGE OG SFO 2017

 

Barnehage

   

Plasstype

2017

Kommentar

5 dager pr. veke

2 730

Makspris fastsatt av Stortinget

4 dager pr veke

2 450

 

3 dager pr. veke

2 200

 

Kjøp av ekstra dag

300

 

Matpengar pr. dag

20

 
     
     

Gebyr for seint henting

Ved 2. og 3.gongs forseinkning

 

inntil 15 min. kr. 300

 
 

Fleire gongar eller lengre forseinkningar kr. 500

 
     

Syskenmoderasjon

30 % for 2. barn

 
 

50 % for 3. eller fleire barn

     

SFO

   

Plasstype

2017

 

0-7 timer

1 000

 

8-14 timer

1 800

 

15+ timer

2 300

 

Kjøp av ekstra heil dag

500

 

Kjøp av enkeltmorgon

120

 

Kjøp av enkeltettermiddag

200

 
     
     

Gebyr ved for sein henting

Ved 2. og 3.gongs forseinkning

 

inntil 15 min. kr. 300

 
 

Fleire gongar eller lengre forseinkningar kr. 500

 
     

Syskenmoderasjon

30 % for 2. barn

 
 

50 % for 3. eller fleire barn

 

KULTURSKULEN

Kontingent

2017

Kommentar

Instrumentopplæring

3 250

 

Utvida speletime

400

 

Grupper med materialkostnader

3 000

 

Grupper utan materialkostnader

1 600

 

Vaksen instrumentopplæring

4 500

 

Vaksen gruppe

2 200

 

Instrumentleige

800

Felles pris i Valdres

Søskenmoderasjon

- 275

Rabatten gis éin gong pr. barn meir enn eitt.

Vestre Slidre skulekorps - spilletimer, direksjon og korps i skolen.

   

Pris pr. 1,925% stilling (Samme som en ordiner spilletime)

3 250

Samme system som tidlegare

 

ANDRE GEBYR

Tilknytingsavgift for vatn og avløp

2017

Kommentar

Tilknytingsavgift for vatn

11 250,00

 

Tilknytingsavgift for avløp

22 500,00

 

Årsavgifter for vatn og avløp

   

Forbruksgebyr for vatn målt pr.m3

20,00

 

Abonnementsgebyr for vatn pr.år

1 968,75

 

Årsavgift etter stipulert forbruk min. pr. år

   

Forbruksgebyr for avløp målt pr. m3

30,25

 

Abonnementsgebyr for avløp pr. år

2 875,00

 

Årsavgift etter stipulert forbruk min. pr. år

   

Mottak av slam til reinseanlegg pr. m3

320,00

 

Leige vassmålar

375,00

 

Avlesningsgebyr (der kommunen må avlese måler)

262,50

 

Feiegebyr

2017

 

Feiegebyr

512,50

 

Feiing utanom rute (eller tinging) pr. bustad/hytte (eks. mva)

1 731,25

 
     

Husleige

 

 

Omsorgsbustader/kommunale bustader

+3,7%

Tilsvarer auke i konsumprisindeks