Familieveileder har kontor i 2. etasje i bankbygget, over helsestasjonen.
Familieveiledning er ein del av helsestasjons- og skulehelsetenesta i kommunen. Tilbodet er gratis, frivillig, og det er ikkje nødvendig med tilvising.
Tenesta rettar seg mot foreldre med born frå 0 til 18 år, og kan også givast direkte til born og ungdom.
Tilbodet omfattar mellom anna:
- Generell råd og veiledning om samspel og foreldrerolla
- Oppfølging av familiar i vanskelege livssituasjonar
- veiledning i Tuning in to Kids og Circle of Security
- Generell emosjonsveiledning
- Mindfulness
- Mål- og visjonsarbeid
- Førebyggjande psykososialt arbeid
- Grupper og individuelle samtalar
- Heimebesøk
- Samarbeid med kommunale og interkommunale tenester
- Deltaking i tverrfaglege team
Sist endra 03.09.2025 13.59